Vi ønskjer alle spelarane velkomne til nytt bridgeår.
Den nye sesongen starta 06.september klokka 18.00. i kantina på Rådhuset.
Styret har hatt eit møte, og godkjent klubben si terminliste, som ligg ved.
Som ein kan sjå av denne, er det påmelding til divisjonsspeling og NM-lagspeling allereie komande veke. Krinsen har også bede om tilbakemelding om kor mange lag ein kan forvente i KM – lag.
Vi vonar at du kjem på bridge komande torsdag, men viss du ikkje kan og er interessert i å spele 4. divisjon, enten på Leikanger eller i Førde, må du snarast gje beskjed til underteikna, slik at ein kan sette saman lag. Det hadde vore kjekt om ein kunne stille med 2 lag i denne divisjonen. Det same gjeld KM-lag.
Det er styrevedtak på at klubben betalar startkontigenten for turneringar i krins og forbund, men ein må betale reiseutgifter sjølv.
NBF legg om kontigentsatsane komande år. Ein veit såleis ikkje kor mykje ein skal betale i klubblisens. Det får vi kome tilbake til. Ein må likevel vite om ein framleis skal vere medlem i klubben. (Innan 1.november).