NyheterTor Henning-Gullstein vann samspelkvelden.
30.10.2019
Med ein god sisterunde smatt sogndølene forbi på målstreken. Nils Sverre-Torstein på andreplass og Kai Henning-Willy på siste pallplass. Dei to neste tysdagane trekker me makker.
Ketil-Stig Rune til topps
09.10.2019
4 bord på startstreken og siger til Ketil-Stig Rune føre Ernst og Svein. Komande tysdag er fleire av oss på landslagsturne til Bucuresti, og spelekvelden vert avlyst. For dei mest interesserte er det naturlegvis høve til å møte i Sogndal BK
Siger til John Inge-Tor
02.10.2019
1. kveld i klubbturneringa vart vunnen av John Inge-Tor med god margin til Nils Sverre-Torstein på plassen bak.
Ketil-Ole Herman vann 1.oppvarmingskvelden.
11.09.2019
3 bord på startstreken, og siger til Ole Herman-Ketil føre John Inge-Tor/Ernst. NB! 1. samspelkvelden er, grunna testing av Bridge+More, flytta til tysdag 17/9 kl.18.00 på Campus.
Resultat sommarbridge i Sogndal
27.08.2019
Sogndølene har etterspurt resultatlista etter sommarbridgen, må ta atterhald om nokon har fleire kveldar saman.
Nils Sverre-Torstein vann siste samspelkvelden
08.05.2019
7 bord på startstreken og heimesiger til Nils Sverre-Torstein føre Mariusz-Hans Herman og Jermund-Torbjørn. Komande tysdag inviterer Sogndal BK til singelturnering på Campus, før sommarbridgen startar opp den påfølgjande tysdagen, nærmare bestemt 21.mai kl.18.00.
Siste samspelkveld for sesongen
05.05.2019
Førstkomande tysdag avsluttar med sesongen i klubben med samspelkveld i kantina. Vel møtt!
Jonny og Mariusz vann klubbmeisterskapen
05.05.2019
Dei kom som ein rakett på sisterunden, og vann tilslutt med klar margin. På premieplassane bak Jonny og Mariusz følgde Sverre-Nils og Oddstein-Ivar. Alt i alt ein svært hyggeleg fredagskveld, og ein stor takk til Lustraporten for framifrå mat og god sørvis.
|