Årsmelding 2011-12
Lærdal BL har i inneverande bridgeår hatt 17 A-medlemmer
Styret i Lærdal BL har vore samansett slik :
Magnar Ljøsne, leiar
Oddmund Bøe, kasserar
Magne Eri , turneringsleiar
Knut Eltun , styremedlem
Nils Magne Nedrebø , styremedlem
Nytt styremedlem 2011-12 : Nils Magne Nedrebø for Magnar Johnsen
Avtalen med Aurland BK om å spela annan kvar gong i Aurland/Lærdal har halde fram. Spelinga i Aurland har er ført vidare på Fjordhotellet. I Lærdal har all spelinga vore i Håbakken. Medlemmene ser ut til å vera nøgde med dette opplegget.
Speleaktiviteten har vore brukbar , 4-5 bord i snitt.
Terminlista vart sendt ut 07.09.11 med første spelekveld 26.09 i Aurland. .
Styret har hatt 2 møte. Det første 19.09.11 i samband med oppstart av sesongen. Dette var eit felles styremøte for ABK og LBL. Her vart det avtalt å prøva singelturnering. Det vartgjennomført 2 slike turneringar før oppstart av haustturneringa, 10.10 og 17.10. Vidare lagturnering etter same opplegg som i 2010. Tilskipinga vart gjennomført i Håbakken siste laurdagen i nov med 2 lag frå kvar klubb – dvs 6 lag. Lærdal måtte ha hjelp frå Sogndal for å få nok spelarar til 2 lag .
Arbeidsoppgåvene har vore fordelt som tidlegare. Magne for kort og spelereknskap, Knut som
teknisk tilretteleggar ( bord, plansjar, kort og slippar) og Oddmund som kasserar .
Oddmund har og hatt ansvaret for heimesida og utlegging av resultata med spelestensilar. Dette fungerer fortsatt fint ! Adressa er :http:// bridge.no /1558
Utrekning og klargjering av resultatlister (haustturnering og klubbmeisterskapen) er gjennomført av Aurland BK ved Reidar Johnsen.
Avslutninga før jul vart lagt til Aurland Fjordhotell. Aurland BK stod for ei fin avslutning
med premieutdeling for haustturneringa .
Det var tradisjonell speling med trekking av makker. Kvelden vart avslutta med premieutdeling
for denne .
Spelarar frå Lærdal har delteke på enkelte spelekveldar i Årdal. Vidare har årdøler delteke på nokre klubbkveldar i Lærdal.
Rekruttering : Det har ikkje lukkast å få med dei som var kursdeltakarar i 2010. Oddmund og underteikna var på inpirasjonsmøte i Flåm 29.03 saman med 4 stk frå Aurland Bk. Sven Olai Høyland var utsending frå NBF. Lynkurset ligg tilgjengeleg på forbundet sine sider. Me satsar på å prøva ut ei fadderordning til hausten .
Opplysningar / info/saklista om årsmøtet vart delt ut siste spelekvelden 26.03.
Økonomi og reknskap * Viser til eiga melding om økonomi og reknskap.
Resultat ulike turneringar
Blomstringsbridge 2011 ikkje gjennoført
Haustturneringa 2011
1.Reidar Johnsen – Sivert Bakk
2. Magnar Ljøsne – Oddmund Bøe
3. Magne Eri - Knut Eltun
Haustavslutninga 16.12.10 :
1.Jan Steinar Hole - Oddgeir Bøe
2. Harald Winjum – Reidar Johnsen
3. Nils Magne Nedrebø – Julian Kantchev (3 par som delte 3.pl.)
NM-klubbar
2. r. Hafslo/Solvorn BK 1 - Lærdal BL Siger til Hafslo
1.r. Lærdal BL – Sogndal BK 2 Siger til Lærdal H/S gjekk vidare til 2 runde
Lagturnering i Håbakken 11.12.10
To lag frå kvar klubb ( Aurland, Lærdal, Årdal ) 6 lag ( 24 spelarar)
5.rundar a 10 spel - Premiering for dei 3 beste laga
Resultat : 1. Årdal BK 98 p
2. Aurland BK 1 94 p
3. Lærdal BL 2 75 p
Pepsi-cup 2011 (16 par)
Bridgetunering i Vang i Valdres i februar.
Magne Eri og Knut Eltun deltok og var nr. 2 ( 15 par ?)
Klubbmeistarskapen par 2012
1.Magnar Ljøsne – Oddmund Bøe
2. Magne Eri – Knut Eltun
3. Reidar Johnsen – Sivert Bakk
02.04.12 Magnar Ljøsne
Lærdal Bridgelag Årsmøte april 2012
Arbeidsprogram for 2012-13
1. Klargjering og utsending av speleprogram for laget, krinsen og forbundet (Magnar)
2. Innkrevjing av årspengar (Oddmund)
3. Klargjering av spel til klubbkveldane (Magne)
4. Organisering /oppstart på klubbkveldane (Magne/Oddmund/Knut)
5. Ansvar for nettsida med oppdatering (Oddmund)
6. Avgjerd om deltaking i ulike turneringar , slik som NM-lag, MP-treff, , simultaturneringar m.m
7. Oppfølging for dei som har vore med på kurset 2010 - Ta kontakt med dei som har slutta !!
8. Gjennomføring av singelturneringar og haustturnering
9. Lagmeisterskap for Aurland, Lærdal og Årdal i nov/des
10. Opplegg i samband med avslutninga før jul (Aurland BK))
11. Gjennomføring av klubbmeisterskap januar - april
12. Årsmøte + opplegg på avslutningskvelden i april i Håbakken ( styret )
13. Ny runde med rekruttering –forsøk med fadderordning ?
Lærdal Bridgelag
Årsmøte 2012 - val
I styret :
Magnar Ljøsne, leiar (på val )
Oddmund Bøe, kasserar (ikkje på val)
Knut Eltun , skrivar (på val)
Magne Eri, turneringsleiar (på val )
Nils Magne Nedrebø, medlem ( ikkje på val )
Revisor : Kåre Solheim ( på val kvart år )
Valnemd : Jan Steinar Hole ( på val kvart år )
Oddgeir Bøe ( på val kvart år )
Til medlemmene
ÅRSMØTE I LÆRDAL BRIDGELAG
Fredag 20.april 2012 kl 18.00 på Håbakken
Saklista :
1. Årsmelding
2. Reknskap
3. Fastsetjing av årspengar (kontingent)
4. Innkomne saker
5. Arbeidsprogram for 2012-13
6. Val
6. Ymse
Etter at årsmøtet er ferdig, ca. kl.18.30, vert det barometerturnering.
Startpengar kr.250,- som inkluderer mat og premiering.
Under matøkta vert det premieutdeling for klubbmeisterskapen 2012
Vel møtt !
26.03.12 Magnar Ljøsne , leiar