NyheterKM-singel 2015
01.03.2015
Laurdag den 7. mars vert det KM-singel i Sogndal. Innbydinga er lagt ut på krinsen si heimeside.
Resultat første runde i vårturneringa
24.02.2015
Seier til Ivar og Finn i første runde i vårturneringa. På dei neste plassane kom Kai Henning/Jan Arild og Arnt Ola/Magne. Vårturneringa 2015 startar måndag
22.02.2015
Måndag 23. februar er vi i gang med vårturneringa for 2015. Turneringa går over fem kveldar der dei tre beste vert teljande.
Resultat Simultanturnering 16. februar 2015
17.02.2015
Arne og Nils tok ein klar seier i Simultanturneringa måndag 16. februar. På dei neste plassane kom Johannes/Åsmund og Ingar/Svein Inge. Etter kl. 1500 tysdag vil resultatet frå alle laga/klubbane som deltok bli lagt ut på NBF sine heimesider. Resultat enkeltkveld + imultanturnering
10.02.2015
Resultat enkeltkveld 9. februar
Måndag den 16. vil det bli Simultanturnering der minst 17 andre klubbar òg deltek. Premiering: Den beste spelaren i 2014/2015 får ta med seg makkeren sin til EM i Tromsø. Elles er det EM-effektar i premie til beste par kvar veke. Resultat enkeltkveld 2. februar
03.02.2015
Revidert samanlagtresultat Bankpokalen 2014/2015
24.01.2015
Her følgjer ei ny, korrigert liste for dei fem beste para samanlagt på spelinga om bankpokalen 2014/15. Endre sin kjempeinnsats for å spele opp eit par, som vi i første utgåve av resultatlista hadde på andreplass, kan vi ikkje godta:
1) Kjell Inge/Arne 182,7
2) Geir/Svein Inge 175,6
3) Ivar/Finn 164,0
3) Johannes/Åsmund 164,0
5) Kai Henning/Jan Arild 162,4
Bankpokalen og terminliste
16.01.2015
Geir og Svein Inge tok sigeren i 3. runde om Bankpokalen. På dei neste plassane kom Kjell Inge/Arne og Johannes/Åsmund. Den fjerde og siste runde går komande måndag (19/1). Det er lagt ut oppdatert terminliste for vårsesongen 2015. Hugs fredagsbridgen i Sogndal fredag den 16. januar.
|