NyheterTerminlista 2013/2014
06.10.2013
Terminlista for denne sesongen finn du i linken oppe. Den er ganske lik føregåande år, med nokre få justeringar. Etter jul spelar me no vårturneringa på alle ledige tysdagar, d.v.s dei kveldane som ikkje er opptekne med singel og samspel. Singelturneringa avviklar me dei to første tysdagane i april. Klubbmeisterskapen er tenkt lagt til ein fredagskveld (25/4?), eventuelt laurdag, der me avsluttar sesongen med årsmøte, premiering og god servering. Her må gjerne medlemmene kome med innspel!
Bridgespeling dei nærmaste vekene.
01.10.2013
Klubbspelinga neste tysdag går ut, då 6 av dei faste er på fotballtur til Slovenia. Dei som vil, kan spele i Sogndal. Haustturneringa tek til tysdag 15/10. Terminliste kjem om ikkje so lenge. Komande fredag er det fredagsbridge på hotellet. Merk tida: kl.19.00. Oppvarming 1/10-13
01.10.2013
Nils og John Inge vann suverent, framfor Geir og Rune på ein like klar andreplass. Resten måtte ta til takke med under middels. Sesongen 2013-2014
08.09.2013
Me startar opp att klubbkveldane 17 september Årsmøte 2013
15.05.2013
Årsmøtesaker og referat frå årsmøtet 2013
Sognefjellsturneringa 2013
30.04.2013
Jan Frode melder om at han har overtalt dølene til å kome hit, d.v.s til Fjordstova, for å spele den årlege mai-turneringa. Turneringen startar måndag 20. mai kl. 1100.
Singel vår 2013
30.04.2013
Sverre og Hans Herman var i ein klasse for seg, og delte 1. plassen i singelturneringa. På dei øvrige premieplassane, Ketil og Ivar. Resultat linken øvst på sida. KM Singel 2013
28.04.2013
Lustringane dominerte KM-singelMariusz Amerek vann KM-singel suverent, men lustringane dominerte premielista med tre blant dei fire beste. Arve Bjørn tok sølv poenget føre Ketil som igjen var fattige to poeng føre John Inge. Irriterande seier John Inge og siktar til sisterunden med minus 17, som resulterte i at sølvplassen rauk. Sjølv har han følgjande forklaring på kollapsen: - Eg var blindemann på alle tre spela! Sluttspurten kan derimot ikkje Ketil klage på. Med 51 pluss på dei 5 siste rundane gjekk han frå middelhavsfarar til bronseplass. Gratulera til alle!
http://bridge-sfj.org/resultat2013/2013-04-28.htm
|