NyheterJonny og Willy nr to i Førde, knapt bak
20.09.2016
Nyheitsbrev frå NBF
14.09.2016
Jonny & Hans i Molde, Lena og Jan Frode i Steinkjer
07.09.2016
Sterke felt, og høgt nivå. Bridgekurs
07.09.2016
NBF har gratis bridgekurs på nett. Kvalifisering til 3. divisjon
22.08.2016
Hei
i forbindelse med 3. div har lag Hamrum fra hafslo trekt sitt lag. kretsen har dermed anledning til å sette inn et reservelag.
Dette laget bør komme fra sogn da det blir for komplisert å innvolvere hele kretsen med en turnering og event. stikkkamper
vi vil arg. en miniturnering i sogn hvor vinneren får plassen. de som har lag å stille kan melde seg på til KAI LILLE-HOMB innen 5 sept.'
Helsing Knut Skorpen Samandrag av festivalsommaren. (Lånt frå Hafslo si side)
08.08.2016
John Inge og Jonny reiste frå Skjolden fredag 29.7 og rakk akuratt ein kveldsturnering der dei vart nr. 44 av 128. Sjur og Mariusz vart nr. 28, men dei hadde tasta inn sine norske spelenummer so det står andre namn på resultatlista. Laurdagen var det klart for Chairmanscup der John Inge - Jonny og Sjur - Mariusz spelte på lag Mind-1-Experten. Laget vart nr 33 av 173, og var kvalifiserte til cupspel med god margin, men valgte å trekka laget for å reisa til Noreg for å spela i den norske festivalen. John Inge - Tor og Jonny - Willy stilte på lag "Sogn" i ope NM lag. Det gjekk trått på slutten og laget hamna på 42. plass av 48 lag, det mest positive å ta med seg frå denne tevlinga var at dei slo Sogndølene i innbyrdes kamp. Før start vart laget trekt ut som lag nr. 1 og hamna derfor på bord ein i fyrste runde og fekk spele med direkteoverføring på BBO. John Inge og Tor vart og filma og streama live ut på youtube. Spesielt interessert kan fylgja Tor og John Inge mot ekteparet Homme i fyrste kampen her. Trass dårleg plassering i NM ope lag fann karane ut at dei ville freista å spela Patton dagen etterpå. Det gjekk mykje betre og laget var med i tetstriden frå kamp to og heilt til siste kort var lagt, dei hamna på fjerdeplass berre seks poeng bak dei som vann. Marit Sveaas International Bridge Tournament runda av den norske bridgefestivalen. John Inge - Willy fekk selskap av Jan Frode og Lena og begge para gjorde sine saker heilt ok. Etter 12 spel var faktisk begge para blant dei 6 beste. Tevlinga var ein fin erfaring for lustringane som fekk prøva seg mot nokre av verdas aller beste bridgespelarar. Det kan nemnast at John Inge og Willy hade +123 mot 13 gonger verdsmeister og bridgelegende Benito Garozzo. John Inge - Willy vart til slutt nr. 87 og Jan Frode - Lena vart nr. 96 av totalt 160 par.
Rune Veums Minneturnering
20.04.2016
Pallen: Triveleg turnering i Rune`s ånd. Resultat : http://bridge.no/var/ruter/html/1532/2016-04-30.htm
Jan Frode og Lena delte seieren med Stig Rune og Hans H på Lustrameisterskapen. Jon & Jonny nr 3.
03.04.2016
Resultat kjem på sida til Gaupne
|