Anders B og Norvald suverene på sesongavslutninga.
Årsmelding Skjolden BL.
Skjolden BL ser tilbake på den mest aktive på mange år. Der andre slit med færre og færre bord, har me halde oss på ca 5 bord gjennom heile sesongen. Dette også takka vere tilgang frå andre klubbar.
Resultatmessig ute på turneringar må nemnast Jonny og Arve Bjørn som vann Lerum cup i jula.
Jan Frode og Lena rykka ned att til 4. divisjon saman med Gunn og Torbjørn.
Klubben har arrangert Lustrameisterskapen i år, og til denne vart Bridgemate teken i bruk, og fungerte feilfritt. Ei investering på over 8000, som er å ansjå som fullfinansiert av vår lokale sponsorar.
Den årelege Gløggbridgen vart arrangert som vanleg i jula, og som alltid var dette ei hyggeleg turnering.
Me skal også arrangere Sognefjells meisterskapen i mai. Tre turneringar med 7+ bord, i året er langt over kva ein gjennomsnittleg norsk klubb arrangerer.
Økonomisk er klubben no bra stilt, takka vera dei tre lokale sponsorar som alltid bridreg:
Luster Sparebank- Avery Dennison NTP -Luster Energiverk. Den største inntektskjelda vår er like vel grasrotandelen. Til no i år har me fått inn nesten 8000,-
Miljøet i klubben er bra, og me tek godt i mot nybegynnarar når dei ein sjeldan gang dukkar opp.
Me treng alle å prøve å få med fleire.
Sak 4: Val av to personar til å signere årsmøte protokollen
Vedtak: Ingrunn Bolstad og Eirik Nyhus
Sak 5: Årsmelding
Ingen merknadar til årsmelding
Sak 6: Rekneskap
Klubben har god økonomi. Vi har tre lokale sponsorar som bidreg, i tillegg til grasrotandelen.
Sak 7: Budsjett
Viser til sak 6.
Sak 8: Klubbkveldar:
- Oppstart dato, klokkeslett, antall spel, siste spelekveld, bevertning, anna?
Ingen innvendinger til organiseringen av klubbkveldene. Fortsetter som i inneværende sesong. Første spelekveld til høsten blir 1. oktober kl 18.30
Sak 9: Rekruttering
Vi er pr i dag den største klubben i kommunen. Det er viktig å holde trykket oppe når det gjeld rekrutteringsarbeid. Det er mange på Skjolden som kan bridge, og som vi må prøve å få med igjen.
Sak 10: Nytt kontigentsystem NBF
Leiar informerte kort. Mindre årskontingent til krets og forbund, istaden må klubben betale inn ein viss sum pr spelar pr kveld til NBF.
Sak 11: Info frå Kretstinget
Det var kretsting 24.03. Valnemda hadde ikkje funne ny leiar. Blir ekstraordinert kretsting så snart valkomiteen har funne ein kandidat. Det skal frameleis vere kretsting annakvart år som no.
Sak 12: Val av leiar, kasserar, sekretær, Valnemnd og Revisor. For 2 år.