Forsiden
| | | Tips Login
Bridgekrets.com
  • Resultat
  • Nyheter
  • Styret
  • Terminliste 2023/2024
  • Vedtekter
  • Kurs

Klubb og medlemsinfo
  • Klubber tilsluttet kretsen
  • E-post til klubbene
  • Medlemmer i kretsen
  • Mesterpoengliste
Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Kontakt NBF
  • NBFs hjemmeside
  • Terminliste
  • Turneringsoversikt
  • Klubbadministrasjon
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • Skjemaer
Hjemmeside kretser


Nyheter

Sommarbridge 13.mai

12.05.2021

Her er linken til spelinga torsdag 13.mai. Me startar 1930, logg inn seinast 15 min før. Høgaste bordnummer er makkertorg.

play.realbridge.online/cv.html

Sommarbridge 13.mai



SOMMARBRIDGE 2021

03.05.2021

Hafslo og Gaupne bridgeklubb står som arrangør av sommarbridgen på realbridge. Kvar torsdag kl 1930 frå 6.mai til 26 august er me klare for ny kappestrid i fredelege former. Dei fem beste kveldane med ulik makker vert teljande i samandraget. 

Har du ikkje makker så logg deg inn i god tid. På det høgaste bordnummeret finn du likesinna.

Linken til torsdag 6.mai finn du her:

play.realbridge.online/cu.html

SOMMARBRIDGE 2021



Resultat Rune Veum minneturnering

01.05.2021

21 par og fin stemning på alle bord. 

Gledeleg heimesider. 

www.bridgekrets.no/result/view/1532/210430122781RuneVeumminneturnering2021_lin

Resultat Rune Veum minneturnering



Rune Veum minneturnering

27.04.2021

Her finn du innlogginga til turneringa. Logg deg inn med namn og medlemsnummer seinast kl 1745, me startar når alle er klare. 

Dersom du framleis ikkje har ordna deg med makker så sèt deg på høgaste bordnummer, der kan det hende du finn likesinna.

play.realbridge.online/cu.html

Rune Veum minneturnering



Realbridge 22.april

20.04.2021

Her er lenke til spelinga 22.april. Me startar kl 1915, logg deg inn 15 min før som vanleg.

play.realbridge.online/ct.html

Realbridge 22.april



Realbridge 15.april

14.04.2021

Her er lenka til spelinga torsdag 15.april. Me startar 1915, logg deg inn seinast 15 minutt før. Sèt deg på lågast ledige plass, manglar du makker kan du finna likesinna på bord 12.

play.realbridge.online/ct.html

Realbridge 15.april



RUNE VEUM MINNETURNERING

11.04.2021

Rune Veum minneturnering 2021

Hafslo og Gaupne bridgeklubb inviterer til vår etter kvart tradisjonsrike Rune Veum minneturnering fredag 30.april kl 1800.

I desse dagar spelar me på realbridge, og sidan realbridge enno ikkje klarar laga til singeltevlingar vert det parturnering denne gongen. Men; me skal få ein fin kveld likevel:

Me startar kl 1800, dvs at du skal logga deg inn seinast 15 minuttar før. Har du ikkje spelt på realbridge før så prøv ut på ein klubbkveld i Hafslo/Gaupne bk eller spør ein av oss som har gjort dette nokre gonger.

Me spelar rundt 45 spel, tal rundar og tal spel i runden kjem an på deltakinga.

Dei tre beste para vert premiert med flytande varer frå ein av butikkane på Pyramiden butikksenter.

I tillegg vert det sett opp ekstrapremiar i fleng, slik at alle skal ha noko å spela for heile kvelden:

1.       Første person til å få heim ein dobla kontrakt

2.       Første person som får siste stikk på ruter 7

3.       Første par som får ein udelt topp mot Hans Kalhagen og makker

4.       Første par som får ein udelt topp mot John Inge Fredheim og makker

5.       5 spurtrundar i løpet av kvelden, dei fleste mot slutten.

I Rune si ånd ønskjer me ein god tone rundt bordet, det vil seia å gje makker, motspelarar og seg sjølv ein raus tabbekvote. I Rune si verd spelte det ingen rolle om du var nybyrjar eller stormeister.

Denne kvelden er det lov med ein pikkande liten ved bordet, ja faktisk nesten påkrevd.

Dette er ein privat turnering først og fremst for sogningar ELLER dei som kjende Rune. Men du skal sjølvsagt få spela saman med favorittmakkeren din. De som har spela på klubbkveldane våre denne vinteren er òg velkomne.

Me tek 100 kroner per spelar denne kvelden, på VIPPS som vanleg, mesteparten av dette går ut i premiar.

Påmelding innan 29.april her:

www.bridge.no/ruter/turneringsinfo/1/12329

 

Link til turneringa vert lagt ut på heimesida til Gaupne BL og på Hafslo/Gaupne bridgeklubb si side på facebook.

RUNE VEUM MINNETURNERING



Realbridge 8.april

07.04.2021

Her er linken til spelinga torsdag 8.april kl. 1915, logg deg inn seinast 15 min før. Manglar du makker så sèt deg på bord 12.

play.realbridge.online/ct.html

Realbridge 8.april

« Forrige Neste » 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 ...32



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer