NyheterKlubbmeisterskapen 2019
23.04.2019
Hafslo/Solvorn BK inviterer til klubbmeisterskapen 2019 fredag 3.mai kl 18.00 på Lustraporten. I tillegg vert det premieutdeling for årets turneringar i klubben, samt servering av biffgryte/dessert og kaffi til konkurransedyktige prisar. Det vert høve til å kjøpe forfriskningar undervegs. Ønskjer du å spele, men manglar makker er det berre å ta kontakt med John Inge eller Torstein, so skal me sjå kva me får til. Vel møtt til ei hyggeleg sesongavslutning i klubben.
Nils Sverre vann i kveld.
23.04.2019
Tredje og siste kveld med singelturnering vart vunne av Nils Sverre med Ketil og Torstein på dei øvrige pallplassane. Samanlagt etter tre kveldar kjem seinare.
John Inge leiar singelturneringa
09.04.2019
Etter første av to kveldar med singel, har John Inge innteke førsteplassen tett følgt av Nils Sverre med Torstein på tredjeplass. Det heile vert avgjort første tysdag etter påske.
Påsketurneringen 2019
09.04.2019
Utklassing
28.03.2019
Imponerande siger til Ole Herman-Ketil på samspelkvelden med snaut 70%. Resultat på heimesida til Sogndal BK.
NB! Samspelkvelden på Campus flytta til onsdag 27/3
21.03.2019
Nils Sverre-Torstein vann klubbturneringa og Ketil vann med trekt makker
21.03.2019
Klubbturneringa etter 10. kveldar 1. Nils Sverre-Torstein 555% 2. Ketil-Ole Herman 549% 3. Oddstein-Ivar 515%. Trekt makker (3 beste kveldar) 1. Ketil 171% 2. John Inge 168 % 3. Nils Sverre 167 % 4. Tor 163 %. Premieutdeling på sesongavslutninga (og klubbmeisterskapen ) på Lustraporten (truleg fredag 3/5, alternativ 10/5)
Ketil-Ole Herman med suveren siger
21.03.2019
!0. kveld i klubbmeisterskapen ligg no i resultatlinken. Forvirrande oppsett på dei to siste rundane, men det kan du sjå bort i frå. (Det same gjeld kortdiagramma.) Alt er retta opp i Bridge+more, so rekkjefølge og prosentskår er korrekt.
|