NyheterResultat frå siste klubbkveld finnn du no i linken øvst.
15.03.2019
Tett i toppen
13.03.2019
Får ikkje lagt ut resultata og spela. Feil hjå NBF. Dobbelt i toppen, Oddstein-Ivar og Svein-Ernst med Ketil-Ole Herman på tredje.
Siger til Nils Sverre-Torstein.
06.03.2019
Ola og Herman parkerte John Inge-Tor på sisterunden og sikra seg andreplass i kveld, kun Nils Sverre-Torstein føre seg på resultatlista.
Hafslosiger på samspelkvelden
27.02.2019
8 bord på startstreken og siger til Ketil-Ole Herman med Willy-Mariusz og John Inge-Tor på dei øvrige pall-plassane. Resultat på heimesida til Sogndal BK
Oddstein vald til ny leiar.
20.02.2019
Utan motkandidat og samrøystes vart Oddstein vald til ny leiar i klubben. Takk for at du tek på deg vervet Oddstein, og mange takk for dine ti år i sjefsstolen, John Inge!
Jamnt i toppen.
20.02.2019
Med ein god sisterunde sikra Svein og Ernst seg førsteplassen i lag med Ketil og Ole Herman.
Favorittsiger
06.02.2019
John Inge-Ketil trakk det lengste strået på tredje kveld med trekt makker føre Herman-Tor. Same opplegg komande tysdag ‘og, samstundes som de vert halde årsmøte.
3.plass til Hafslo/Solvorn i 4.divisjon
04.02.2019
Hafslo/Solvorn ( Nils Sverre, Ketil, Tor, Sverre og Torstein) vann åtte av elleve kampar og kom med det på tredjeplass i årets seriemeisterskap. Labakkalaget med John Inge, Arve Bjørn, Hans og Jonny var hakket betre og sikra seg opprykk til 3. divisjon med ein solid andreplass.
|