Mariusz Amerek vann KM-singel suverent, men lustringane dominerte premielista med tre blant dei fire beste. Arve Bjørn tok sølv poenget føre Ketil som igjen var fattige to poeng føre John Inge.
Irriterande seier John Inge og siktar til sisterunden med minus 17, som resulterte i at sølvplassen rauk. Sjølv har han følgjande forklaring på kollapsen: - Eg var blindemann på alle tre spela!
Sluttspurten kan derimot ikkje Ketil klage på. Med 51 pluss på dei 5 siste rundane gjekk han frå middelhavsfarar til bronseplass.