Til medlemane i Lærdal Bridgelag.
ORIENTERING OM BRIDGESESONGEN 2014/2015
Sesongstart med speling måndag 29.09 kl. 18.30 på Håbakken.
Styremøte for Aurland BK og Lærdal LB 22.09 i Aurland.
Her vart terminlista avklart . Vidare utprøving av spel-registrering med smart- telefon vart gjennomført 29.09 på første ordinære spelekveld.
Terminlista for hausten 2014 (Aurland - Lærdal) :
29.09 - 06.10 – 13.10 – 20.10 – 27.10 – 03.11 – 10.11 - 17.11 - 24.11- 01.12 - 08.12
Dei 3 første spelekveldane prioriterar me singelturnering. Dersom dette ikkje høver, vert det vanleg parturnering eller lagspel .
Haustturneringa startar 20.10
Av dei 8 kveldane er det dei 5 beste som tel i hausturneringa. Premiering for dei 3 beste para.
Avslutning før jul vert fredag 12.12. Parturnering etter vanleg lest med trekking av makkerar osv.
Undervegs servering av julemiddag.
Aurland BK har ansvar for tilrettelegging og premiar for haustturneringa.
Klubbmeistarskapen 2015 går over følgjande måndagar: 05.01, 12.01, 19.01, 26.01, 02.02, 09.02, 16.02, 23.02, 02.03, 09.03, 16.03, 23.03
Første gong, 05.01, i Aurland.
Deretter vekslar spelinga mellom Aurland og Lærdal.
De 9 beste kveldane er teljande i klubbmeisterskapen
Avslutning m/årsmøte fredag 10.04.15. i Lærdal Ansvar : Styret i LBL
Medlemskontigenten i Lærdal Bridgelag for sesongen er kr. 600,-. Den som betalar denne kontigenten er A-medlem i laget og automatisk også medlem av Norsk Bridgeforbund. Dette medlemskapet betyr at du vert medlem av meisterpoengordninga, og kan representera Lærdal Bridgelag i krins-, forbunds- eller åpne turneringar og du mottek medlemsbladet "Norsk Bridge" 6 gonger for året. NBF sine lover gjev rett til å spela i fleire klubbar utan at ein må betala kontingent til NBF meir enn ein gong. I slike tilfelle vert det kun aktuelt med ein rein klubbkontigent. Vidare vert det ein kveldskontigent pr. spelar på 50 kr. Dette skal dekka ein del utgifter som klubben har på spelekveldane, m.a lokalleiga.
Heimesida til laget finn ein på: http://bridge.no/1558
Vel møtt til ny bridgesesong ! 22.09.14. styret LBL Magnar Ljøsne