Forsiden
Login
Bridgekrets.com
  • Nyheter
  • Terminliste
  • Medlemmer
  • Klubbinfo
  • Resultater

Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Terminliste
  • Kontakt NBF
  • Skjemaer
  • NBF's hjemmeside
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • NM for klubblag
  • Lovboka
  • Turneringsoversikt
  • Norsk Bridge på nett
  • Klubb administrasjon












VÅRTURNERINGA I LÆRDAL 2013

 

OPPSUMMERING AV VÅRTURNERINGA TIL LBL 2013.

Turneringa var spesielt tilrettelagt for bridge-spelarar sør for Sognefjorden i Indre Sogn.
Her er det ein del spelarar som berre er klubbspelarar, og derfor treng eit slikt tilbod.
Tydlegvis passa det med speling tidleg i april - heile 20 par ville og fekk vera med.

Fordelinga var slik:
7 frå LBL, 5 frå ABK, 4 frå Årdal BK, 4 frå Vang BK og 1 par frå Beit BK på Voss.

Oppleggat var 17 rundar à 2 spel.

Turneringsleiar var underteikna - i rekneskapen Magne Eri og Oddmund Bøe og utlegging av spel Knut Eltun.

Det var ein fin tone under turneringa og den vart avvikla etter oppsett plan.
Halvveges vart det servert ein god gryterett med tilbehør.

Spelinga, med tilsaman 34 spel, var ferdig litt etter kl.24.
Det var premiar til dei 6 beste para.

Deltakarane gav uttrykk for at det hadde vore ei hyggeleg turnering !

Ein sit at med inntrykk av at dette kunne vera eit høveleg tidspunkt for ei liknande turnering i 2014.

Minner om:
Fredag 19.04. er det årsmøte i LBL kl. 17.30. og avsluttande spel med trekking av makkarar.
Stad: Håbakken

06.04.13.   Magnar Ljøsne

 

NB! Resultat frå turneringa med spelestensilar finn du under Resultater (2013-04-05.htm)

 

 

 

 

 

 

 

VÅRTURNERINGA I LÆRDAL 2013


 

Skrevet av Lærdal BL - 06.04.2013 16:46
Gray Bottom

Tips en venn



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer