NyheterNeste runde om Bankpokalen m.m.
07.01.2015
Tredje runde (av fire) om Bankpokalen går komande måndag (12/1).
Laurdag den 10/1 er det lokal kvalifisering til NM-par på Hafslo. Fin anledning til å hyggje seg med bridge ein heil dag sjølv om ein ikkje har ambisjonar om å delta i NM. Sjå eiga omtale på kretsen sine heimesider.
Sogndal Bridgeklubb melder at neste fredagsbridge på hotellet vert den 16/1.
NBF skal halde kurs i "Ruter"-programmet på Skei den 16. (gjennomgang av lagturnering) og den 17. (gjennomgang av parturnering) januar. Bridgelaget bør stille med tre-fire deltakarar på dette kurset - spesielt den 17. Vi tek opp dette på måndag (12/1).
Andre runde om Bankpokalen
19.12.2014
Outsider-paret Jan Arild og Endre gikk til topps i andre runde om Bankpokalen - med Ivar/Finn på andreplass og Geir/Svein Inge på tredjeplass.
Det vert ikkje speling komande måndag (22/12) som vist i terminlista pga. stort fråvær. Neste speling vert såleis måndag den 5. januar (enkeltkveld).
God Jul og Godt Nyttår til alle i bridgelaget!
Kampen om napp i Bankpokalen 2014/2015 er i gang
13.12.2014
Johannes og Adelheid tok sigeren i første spelinga om Bankpokalen 2014/2015. På dei neste plassane kom Kjell Inge/Arne og Kai Henning/Jan Arild. Neste runde går komande måndag (15/12). Dei to siste spelingane om pokalen vert den 12. og 19. januar.
Resultat Mp-treffen 1. desember
06.12.2014
Ivar og Finn tok ein sterk 8. plass i MP-treffen som vart spela måndag den 1. desember. Det var 323 par som deltok i MP-treffen denne kvelden. Kai Henning og Jermund kom på 179. plass, Johannes og Åsmund på 188. plass, Kjell Inge og Arne på 247. plass og Magne og Endre på 260. plass.
Komande måndag (8/12) er den første kvelden (av fire) i spelinga om napp i den gjeve Bankpokalen.
Litt informasjon:
26.11.2014
Haustturneringa: Kjell Inge og Arne gikk sigrande ut av haustturneringa med 191,5 poeng. På andreplass kom Ivar og Finn med 182,1 poeng, og på tredjeplass Kai Henning og Jan Arild med 170 poeng. Gratulerer! FM-par 2014: Resultatet frå fylkesmeisterskapet er no klart og kan finnast på http://bridge.no/var/ruter/html/1500/2014-11-17.htm Det var Geir og Svein Inge som vart beste paret frå Leikanger med ein 14. plass (av 89). Skal ta med resultatlista på måndag. MP-treff 2014: Komande måndag (1/12) skal vi spele MP-turnering der vi konkurrerar mot alle lag/klubbar i landet som spelar denne kvelden. Møt fram!
Esktraordinært årsmøte i bridgelaget
14.11.2014
Komande måndag (17/11) vil det bli ekstraordinært årsmøte i bridgelaget for å velge ny kasserar. Møtet vil bli halde før spelinga startar.
Resultatet frå spelinga sist måndag (FM-par) får vi ikkje lagt ut før over helga pga. av at det er ein klubb i fylket som skal spele desse korta på måndag.
Fylkesmeisterskap for par 2014
09.11.2014
Komande måndag (10/11) spelar vi Fylkesmeisterskap for par i Leikanger Bridgelag. Same korta vert spelt i alle laga/klubbane som deltek i meisterskapet denne veka. Du vil difor ikkje finne resultatet frå spelinga måndag på denne heimesida før i slutten av veka.
Jamt i toppen
26.10.2014
Det er jamt i toppen på resultatlista etter første spelinga i haustturneringa; Ivar og Finn og Kjell Inge og Arne deler førsteplassen med Geir og Svein Inge på tredjeplass litt bak. Men det er enno fire rundar igjen!
|