Forsiden
Tips Bli Medlem | Login
Bridgekrets.com
  • Nyheter
  • Terminliste
  • Medlemmer
  • Klubbinfo
  • Resultater

Hjemmeside klubber
Hjemmeside krets
NBF Sogn og Fjordane
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Kontakt NBF
  • NBFs hjemmeside
  • Terminliste
  • Turneringsoversikt
  • Klubbadministrasjon
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • Skjemaer


Nyheter

Første kveld i haustturneringa 2021

03.10.2021

 

Første kveld i haustturneringa i morgon (4/10)

Vi må ha eit par til for å gjennomføre spelinga. Meld dykk på!

Påmelding her: bridgelaget på Facebook.

Første kveld i haustturneringa 2021



Hurra! Endeleg spelekveld igjen.

18.09.2021

Leikanger Bridgelag startar opp igjenn spelinga måndag den 20. september 2021 i kantina i kommunehuset. Oppmøte kl. 1745. 

Vi køyrer fulldublert dvs. kvart bord har sine eigne kort. Det er handsprit på kvart bord. Nord har ansvar for punsjinga, øst har ansvar for korta og syd spritar/tørker etter spelinga. Alle tek med seg meldeboksane sine.

Påmelding for denne og seinare spelingar gjer du på bridgelaget på Facebook.

Har nokon problem med påmelding, så ta kontakt: 97188903/90154551.

 

Hurra! Endeleg spelekveld igjen.



Leikanger Bridgelag 2019-2020

01.09.2019

Leikanger Bridgelag startar opp igjen spelinga måndag den 9. september 2019 i kantina i kommunehuset kl. 1745. Vel møtt til eigne medlemar, til eventuelt nye som vil prøve seg ved bridgebordet og til spelarar frå andre lag/klubbar.

Som tidlegare vil Jan Arild også denne sesongen hjelpe til om det er nokon som manglar makker. Jan Arild treffer du på telefon 48147699, og det er ein fordel om du tek kontakt i god tid før spelestart.

Som terminlista viser, skal vi også denne sesongen arrangere haustturnering, nyttårscup og vårturnering. Spelarar frå andre klubbar er velkomne til å delta i desse turneringane, men for å få tildelt eventuell premie er det krav om å melde seg inn i Leikanger Bridgelag som tilknytt medlem. Dette medlemskapet kostar kr. 50,- pr. år.

Gjeldande reglar for dei nemnde turneringane:

Haustturneringa

Denne går over fem kveldar føre jul. Dei tre beste kveldane samanlagt med same makker tel. Premiering til dei tre beste para.

Nyttårscupen

To kveldar før jul og to kveldar etter nyttår. Dei tre beste kveldane samanlagt for ein spelar eller eit par med same makker tel.

Vårturneringa

Denne turneringa har same reglane som haustturneringa.

Leikanger Bridgelag 2019-2020



No vert det bridgespeling igjen!

01.09.2018

Leikanger Bridgelag startar opp igjen spelinga måndag den 10. september 2018.

Stad: Kantina i kommunehuset

Tid: Kl. 1745

Vel møtt!

No vert det bridgespeling igjen!



Resultat enkeltkveldar våren 2018

21.04.2018

 Resultat enkeltkveld 16/4 2018:

 

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Adelheid 65,3
2 Åsmund/Endre 63,9
3 Finn/Arne 61,1

 Resultat enkeltkveld 23/4 2018:

 

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Adelheid 60,4
2 Åsmund/Endre 53,1
3 Kjell Inge/Liv Janne 61,1

Spelinga neste måndag (30/4) vert avlyst pga. stort fråvær. Gaupne BK inviterar til Rune Veums minneturnering (singelturnering) denne kvelden. Påmelding på http://bridge.no/ruter/turneringsinfo/1/3247 eller Stig Rune på tlf 97593555.

Siste spelinga denne sesongen med årsmøte vert måndag den 7. mai.

Resultat enkeltkveld (årsmøte) 7. mai 2018:

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Liv Janne 66,67
2 Julius/Svein Inge 65,48
3 Kirsti/Astrid 49,40

Takk for denne sesongen! Vi møtast igjen til hausten.

Sommarbridgen startar i Sogndal den 15. mai.

Resultat enkeltkveldar våren 2018



Vårturneringa 2018 - klar seier til Arnt Ola og Adelheid med Jan Arild/Kai Henning og Reidun/Lars på dei andre pallplassane

27.02.2018

Resultat første runde (av fem) i vårturneringa 2018 (26/2):

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Adelheid 65,3
2 Kai Henning/Jan Arild 62,5
3 Jermund/Astrid og Magne/Ingar 50,7

Resultat andre runde (av fem) i vårturneringa 2018 (5/3):

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Adelheid 56,48
2 Jan Arild/Erik 54,63
3 Knut/Inger 53,24

Resultat tredje runde (av fem) i vårturneringa 2018 (12/3):

Nr. Par Poengsum
1 Reidun/Lars 62,5
2 Kai Henning/Jan Arild 58,3
3 Finn/Arne 53,6

Dei tre beste para etter tre runder: Arnt Ola/Adelheid (23 poeng), Magne/Ingar (17 poeng) og Reidun/Lars (16 poeng).

Fjerde runde går neste måndag (19/3). Det vert ikkje speling måndag den 26. mars. Tre beste (faste par) av fem runder er gjeldande.

Merk at DD-analysene ikkje gjeld for spel 26, 27 og 28 (vart stokka).

 

Resultat fjerde runde (av fem) i vårturneringa 2018 (19/3): 

Nr. Par Poengsum
1 Kai Henning/Jan Arild 62,5
2 Magne/Ingar 50,0
3 Åsmund/Endre 47,5

 

Dei tre beste para (beste tre) etter fire runder: Arnt Ola/Adelheid (23 poeng), Magne/Ingar (20 poeng) og Reidun/Lars (16 poeng).

Femte og siste runde går måndag 9. april. Det vert ikkje speling måndag den 26. mars. Tre beste (faste par) av fem runder er gjeldande.

 

Resultat femte runde (av fem) i vårturneringa 2018 (9/4): 

Nr. Par Poengsum
1 Jan Arild/Jermund 66,1
2 Arnt Ola/Adelheid 60,7
3 Reidun/Lars 57,7

 

Sluttresutat: Dei tre beste para (beste tre) etter fem runder: Arnt Ola/Adelheid (26 poeng), Jan Arild/Kai Henning (20 poeng) og Reidun/Lars (18 poeng).

 

Vårturneringa 2018 - klar seier til Arnt Ola og Adelheid med Jan Arild/Kai Henning og Reidun/Lars på dei andre pallplassane



Resultat enkeltkveld 19/2 2018

20.02.2018

Resultat enkeltkveld 19/2 2018:

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Inger Karin 62,0
2 Finn/Arne 55,0
3 Reidun/Nils 52,0
Resultat enkeltkveld 19/2 2018



Resultat enkeltkveld 12/2 2018 og info om samarbeid med Leikanger Frivilligsentral

13.02.2018

 

Kai Henning og Jan Arild er i storform om dagen.

Resultat enkeltkveld 12/2 2018:

Nr. Par Poengsum
1 Kai Henning/Jan Arild 57,3
2 Finn/Arne 56,3
3 Kirsti/Astrid 53,1

Det er lagt inn Double Dummy på dei siste spelestensilane. DD viser kor mange stikk det teoretisk er mogleg å ta i farge-/grandkontrakter for alle spela.

Neste spelekveld (19/2) kjem Ivar Fykse frå Leikanger Frivilligsentral på besøk kl. 17.45. Han vil gje ei kort orientering (10-15 min.) i samband med at styret i Leikanger Bridgelag skal delta i Språkkafen den 20. februar. Fint om alle møter til 17.45 denne kvelden. 

Resultat enkeltkveld 12/2 2018 og info om samarbeid med Leikanger Frivilligsentral

« Forrige Neste » 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ...22



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer