Forsiden
Tips Bli Medlem | Login
Bridgekrets.com
  • Nyheter
  • Terminliste
  • Medlemmer
  • Klubbinfo
  • Resultater

Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Kontakt NBF
  • NBFs hjemmeside
  • Terminliste
  • Turneringsoversikt
  • Klubbadministrasjon
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • Skjemaer


Nyheter



Jubileumsturneringa

13.03.2017

Kåre Kvamsdal-Robert Hæreid frå  Årdal Bridgeklubb (bilde) tok sigeren i jubileumsturneringa til Leikanger Bridgelag sist laurdag (11/3). Dei to andre para på pallen var Frank Wikene Rødal (Førde BK)-Trond Austrheim (Høyanger BK) og Anders Johannson-Tor Anders Hauge (Os BK). Gratulerer!

Takk til alle som stilte opp. Det var skikkeleg flott at heile 42 par ville vere med å markere 70-års jubilanten. Ei spesiell takk til turneringsleiaren, Kai Lille-Homb, og teknisk medhjelpar, Torbjørn Pedersen.  

Jubileumsturneringa



Resultat enkeltkveld 6/3 2017 og info om jubileumsturneringa

07.03.2017

Resultat enkeltkveld 6/3 2017:

1. Finn/Arne 66,7

2. Arnt Ola/Adelheid 65,5

3. Kai Henning/Jan Arild 51,2

Jubileumsturneringa:

Laurdag som kjem, den 11. mars, skal vi arrangere turnering for å markere at Leikanger Bridgelag rundar 70 år i år. Turneringa er i Fylkesbygget og startar kl. 1100, men vi ber deltakarane om å møte opp i god tid før det slik at vi kjem i gang med spelinga etter tidplanen. Dei som er med i nemnda og dei to som skal hjelpe til møter seinast kl. 1000.

Etter turneringa vert det samling på Café Herman for dei som ønskjer det. Der vert det høve til å kjøpe mat (ein kjøtrett og ein fiskerett) og drikke etter eige ønskje. Vi vil registrere deltakinga på denne samlinga tidleg laurdag. Medlemar i bridgelaget som ikkje skal spele og eventuelt tidlegare medlemar som ønskjer å delta på Herman, kan kontakte Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 seinast innan fredag den 10. mars.

Vel møtt!

Resultat enkeltkveld 6/3 2017 og info om jubileumsturneringa



Resultat enkeltkveld 27/2 2017

28.02.2017

 Resultat enkeltkveld 27/2 2017:

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Adelheid 61,9
 2 Finn/Arne 60,7
3 Magne/Ingar 56,0

 

Neste speling vert måndag den 6. mars. 

Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei so m ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.

Vel møtt!

 

Hugs påmelding til Jubileumsturneringa. Lenka finn du i ei tidlegare nyhendemelding. Det hastar - no er det snart fullt.

Resultat enkeltkveld 27/2 2017



Resultat enkeltkveld 13/2 2017

14.02.2017

Resultat enkeltkveld 13/2 2017:

Nr. Par Poengsum
1 Ingar/Erik 57,5
 2 Finn/Arne 55,0
3 Kai Henning/Jan Arild 50,0

 

Pga. stort fråvær vert det ikkje speling måndag den 20. februar. Neste speling vert måndag den 27. februar. 

Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.

Vel møtt!

 

Hugs påmelding til Jubileumsturneringa. Lenka finn du i ei tidlegare nyhendemelding.

Resultat enkeltkveld 13/2 2017



Resultat enkeltkveld 6/2 2017

07.02.2017

Resultat enkeltkveld 6/2 2017:

Nr. Par Poengsum
1 Johannes/Åsmund 60,4
 2 Magne/Ingar 57,3
3 Reidun/Lars 55,2

 

Neste speling vert måndag den 13. februar. 

Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.

Vel møtt!

 

Hugs påmelding til Jubileumsturneringa. Lenka finn du i ei tidlegare nyhendemelding.

Resultat enkeltkveld 6/2 2017



Klar seier til Finn og Arne sist måndag

31.01.2017

Resultat enkeltkveld 30/1 2017:

Nr. Par Poengsum
1 Finn/Arne 67,9
 2 Magne/Ingar 54,8
3 Johannes/Åsmund 53,0

 

 

Neste speling vert måndag den 6. februar. 

Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.

Vel møtt!

Oppdatert terminliste for heile vårsesongen er lagt ut på heimesida.

Hugs påmelding til Jubileumsturneringa. Lenka finn du i ei tidlegare nyhendemelding.

Klar seier til Finn og Arne sist måndag



Magne og Ingar beste lokale paret i simultanturneringa måndag

24.01.2017

Gledeleg mange deltok i simultanturneringa på Leikanger i går. Litt kluss med oppsetting av spelesett og bridgematen, men vi kom i mål. Det manglar medlemsnummer og klubbnamn på nokre av para, men det har vi orientert NBF om. Det deltok 290 par i turneringa som gjekk over 24 spel. Følgjande par kom over middels:

Korrigert 26/1 etter at alle deltakande lag er registrert.

Nr. 40 Magne/Ingar, nr. 59 Stig Rune/Gunnstein, nr. 90 Arnt Ola/Mariusz, nr. 107 Johannes/Åsmund, nr. 117 Finn/Arne og nr. 121 Gullstein/Kjell Inge. 

 

I den lokale turneringa med 27 spel fekk vi følgjande på pallen:

Nr. Par Poengsum
1 Arnt Ola/Mariusz 59,6
 2 Magne/Ingar 58,6
3 Stig Rune/Gunnstein 58,0

 

Neste speling vert måndag den 30. januar. 

Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.

Vel møtt!

Oppdatert terminliste for heile vårsesongen er lagt ut på heimesida.

Hugs påmelding til Jubileumsturneringa. Lenka finn du i ei tidlegare nyhendemelding.

Magne og Ingar beste lokale paret i simultanturneringa måndag



Det blir simultanturnering måndag 23/1

18.01.2017

Httil er 20 klubbar påmelde, så det blir ein heil gjeng å bryne seg mot.

Det blir simultanturnering måndag 23/1

« Forrige Neste » 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 ...20



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer