Enkeltkveld 22/2 - og info om medlemsbladet frå NBF
Ny seier til Ivar og Finn på spelinga 22/2:
Nr.
Par
Poengsum
1
Ivar/Finn
68,0
2
Åsmund/Endre
55,0
3
Johannes/Ingar
54,0
Ny enkeltkveld komande måndag (29/2).
Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.
Vel møtt!
Sidan hausten 2014 har medlemsbladet frå NBF (fire utgåver pr. år) kome elektronisk. Det er no mogleg å abonnere på bladet i papirform dersom det vert over 300 som teiknar seg som abonnentar. Dette kostar kr. 250,- pr. år. Dersom du er interessert må du sende epost til bridge@bridge.no innan 25/2 med opplysningar om namn, adresse, medlemsnummer og epostadresse. Ta òg med kva måte du vil betale for abonnementet.