Kåre Kvamsdal-Robert Hæreid frå Årdal Bridgeklubb (bilde) tok sigeren i jubileumsturneringa til Leikanger Bridgelag sist laurdag (11/3). Dei to andre para på pallen var Frank Wikene Rødal (Førde BK)-Trond Austrheim (Høyanger BK) og Anders Johannson-Tor Anders Hauge (Os BK). Gratulerer!
Takk til alle som stilte opp. Det var skikkeleg flott at heile 42 par ville vere med å markere 70-års jubilanten. Ei spesiell takk til turneringsleiaren, Kai Lille-Homb, og teknisk medhjelpar, Torbjørn Pedersen.