Kai Henning og Jan Arild vart vinnarar av Bankpokalen 2016/2017
Korrigert resultat pga. ei feilføring av par 5/4 i spel nr. 25.
Resultat 4. og siste runde om Bankpokalen 2016/2017 (16/1 2017):
Nr.
Par
Poengsum
1
Finn/Arne
58,3
2
Magne/Ingar
56,9
3
Kjell Inge/Gullstein
54,6
Best samanlagt (dei tre beste resultata av fire rundar) og vinnarar av Bankpokalen 2016/2017 vart Kai Henning og Jan Arild med 179,9%. Gratulerer! Nærast vinnarparet med 171,8% kom Arnt Ola og Adelheid. Etter dei nye reglane for tevlinga om pokalen, kom Magne på tredje plass med 170,5%.
Neste speling vert måndag den 23. januar.
Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.
Vel møtt!
Oppdatert terminliste for heile vårsesongen er lagt ut på heimesida.
Hugs påmelding til Jubileumsturneringa. Lenka finn du i forrige nyhendemelding.