Arnt Ola og Adelheid til topps i det lokale MP-treffet måndag kveld. Dette resulterte i ein 44. plass av dei 304 para som deltok i turneringa denne dagen. Ivar og Finn kom på plassen bak. Av dei andre Leikanger-para var det Magne/Ingar (94. plass) og Kai Henning/Arild (95. plass) som kom over middels.
Den 14/12 vert den første spelinga, av i alt fire, om Bankpokalen 2015/2016. Dei tre andre spelingane vil bli etter nyttår, men ikkje den første (4/1) som vil bli ein vanleg enkeltkveld. Det vert spela om Bankpokalen over tre år. Det beste paret over dei tre åra får kvar sin pokal (bankpokal) til odel og eige. Vinnarane i kvart av åra får kvar sin miniatyrpokal. Det er tredje året vi no skal spele om for denne pokalen.
Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.