Resultat enkeltkveld 20/11 2017 og nytt om Bankpokalen
Seier til Arnt Ola og Svein Inge sist måndag (20/11):
1. Arnt Ola/Svein Inge65,97
2. Finn/Arne59,72
3. Kjell Inge/Erik55,56
Etter terminlista er det første runde om Bankpokalen neste måndag (27/11). No er det slik at banken ikkje lenger støttar premieringa i denne turneringa. Styret har difor bestemt at vi framleis skal ha ei eiga turnering rundt årsskifte, men at vi endrar namnet (i år) til Nyttårsturneringa 2018. Opplegget og reglane for turneringa vert dei same som for dei nyleg justerte reglane for Bankpokalen. Dvs. to spelingar før jul og to spelingar etter nyttår. Det paret eller den enkeltspelaren med høgast poengsum i tre av dei fire spelingane, vert vinnar av turneringa. Sjå under.
Bankpokalen 2016/17 og vidare framover:
1. Bankpokalen går over eitt år (sesong).
2. Det vert spela 4 kveldar i desember og januar (ikkje siste kveld før jul, eller første kveld i januar).
3. Den beste , eller det beste paret, av 3 kveldar er vinnar (ein eller to premiar).
4. Vinnar(ane) må ha ei form for medlemskap i Leikanger Bridgelag.