Dette var den siste spelinga denne sesongen. Vi startar opp igjen på same spelestad i septermber månad. God sommar, og hugs sommarbridgen på Campus i Sogndal kvar tysdag kl. 1800. S
Vi takkar for sesongen med eit bilde av dei glade og stolte vinnarane av Bankpokalen 2016/2017. Det kan sjå ut som om vinnarane har stampa pokalen, men det har banken ikkje noko i mot. Medlemane i bridgelaget er dei beste kundane banken har - og vert såleis sponsa på best mogleg måte. Store prestasjonar ved borda med den grøne filten vert høgt verdsett. Dette er eit sterkt argument for å bli medlem i bridgelaget og stille opp på spelekveldane våre.