NyheterPåmelding til påsketurneringa på Hafslo
08.02.2024
Velkommen til ny sesong!
28.08.2023
Me startar opp att i ungdomshuset Soltun torsdag 7.september kl 1800. Påmelding vert snart lagt ut på www bridge.no Rune Veum minneturnering
09.04.2023
30.april, tradisjonen tru. Påmelding her www.bridge.no/ruter/turneringsinfo/1/33541 Påmelding og innbyding til påsketurnering 2023
21.02.2023
Årsmøte 07.04.2022
02.04.2022
Hafslo/Solvorn BK sitt siste årsmøte vert torsdag 7/4 kl. 1800 i Gaupne. Gaupne BL skal og avholde sitt siste årsmøte før me fusjonerar klubbane saman og avheld det fyrste årsmøtet i den nye samanslegne klubben. Alle medlemmar vert oppmoda om å møta. Oppstart ny bridgesesong Gaupne/Hafslo
03.09.2020
Oppstart Hafslo og Gaupne bridgeklubb.
Torsdag 10.09.2020 kl 18.30 (nb merk ny tid).
Nils Sverre, John Inge, Svein og Arve Bjørn har hatt møte for å samkøyra oppstart for klubbane våre og har komme fram til følgjande:
Torsdag 10.09. kl 18.30 startar med opp med vanleg klubbkveld samla for begge klubber i ungdomshuset Soltun i Gaupne.
Me vil sjølsagt gjennomføre kvelden i tråd med smittevernreglane, noko som inneber;
·
* Antibac på kvart bord,
· * Reinhald før, mellom og etter rundane,
· * Kvar spelar har sin merka meldeboks for kvelden,
· * Kaffi vert servert i eigne merka koppar ( pappkrus),
· * Treng du noko å bite i, tek du med dette sjølv,
· * Halde avstand,
· * Er du sjuk, hald deg heime,
Me kan maksimalt ta imot 7 bord, og me vil prioritere folk frå våre eigne klubbar i første omgang. Er det ledige plassar vil det verte høve til å melde seg på på nett nokre dagar i førvegen. Vil bli kunngjort på Faceb. Me gler oss til å komma i gang att, og ynskjer gamle og gjerne nye bridgespelare velkommen. Mvh Arve Bjørn Delt siger på BBO
01.04.2020
18 par på startstreken og delt siger mellom Sverre-Nils og John inge-Arve Bjørn. Resultata kjem på heimesida til Sogndal. Ny BBO-turnering komande tysdag. Elles arrangerer Gaupne BL turneringar kvar torsdag kl. 20.30. God oppslutnad om BBO-turnering.
25.03.2020
Heile 24 par på startstreken og siger til Nils Sverre-Torstein på den første BBO-turneringa med klubbpoeng. John Inge var spelande turneringsleiar og styrte turneringa med stø hand. Komande tysdag står Sogndal BK som arrangør. Resultatliste i linken øvst.
|