Nils Sverre, John Inge, Svein og Arve Bjørn har hatt møte for å samkøyra oppstart for klubbane våre og har komme fram til følgjande:
Torsdag 10.09. kl 18.30 startar med opp med vanleg klubbkveld samla for begge klubber i ungdomshuset Soltun i Gaupne.
Me vil sjølsagt gjennomføre kvelden i tråd med smittevernreglane, noko som inneber;
·
* Antibac på kvart bord,
· * Reinhald før, mellom og etter rundane,
· * Kvar spelar har sin merka meldeboks for kvelden,
· * Kaffi vert servert i eigne merka koppar ( pappkrus),
· * Treng du noko å bite i, tek du med dette sjølv,
· * Halde avstand,
· * Er du sjuk, hald deg heime,
Me kan maksimalt ta imot 7 bord, og me vil prioritere folk frå våre eigne klubbar i første omgang. Er det ledige plassar vil det verte høve til å melde seg på på nett nokre dagar i førvegen. Vil bli kunngjort på Faceb. Me gler oss til å komma i gang att, og ynskjer gamle og gjerne nye bridgespelare velkommen. Mvh Arve Bjørn