Etter dei siste utbrota av Covid-19 i Stad og Kinn har styret i Nordfjordeid BK bestemt seg for ikkje arrangere klubbkveldar før ut på nyåret. Vi seier oss leie for det, men liv og helse kjem først. Første aktuelle spelekveld vert 11.januar om smittesituasjonen betrar seg og er under kontroll. Vi arbeider med eit alternativ, dvs vi vonar å kunne tilby spelekveldar på nett, kanskje alt i neste veke (veke 49), men før den tid må opplæringa i bruk av den nye plattforma RealBridge vere på plass. Informasjon om realBridge finn du på https://realbridge.online