NyheterLustrameisterskapet for lag. Laurdag 14/4. Hafslobesten vann føre Skjolden. -Som forventa. Resultata kjem på sida til Gaupne
12.04.2012
Gaupne BK har invitert 6 lag til å kjempe om den gjeve tittelen. For Skjolden stiller Jon & Trygve + Lena og Jan Frode. Resultata kjem her: Anders B og Norvald suverene på sesongavslutninga.
02.04.2012
Årsmelding Skjolden BL.
Skjolden BL ser tilbake på den mest aktive på mange år. Der andre slit med færre og færre bord, har me halde oss på ca 5 bord gjennom heile sesongen. Dette også takka vere tilgang frå andre klubbar.
Resultatmessig ute på turneringar må nemnast Jonny og Arve Bjørn som vann Lerum cup i jula.
Jan Frode og Lena rykka ned att til 4. divisjon saman med Gunn og Torbjørn. Klubben har arrangert Lustrameisterskapen i år, og til denne vart Bridgemate teken i bruk, og fungerte feilfritt. Ei investering på over 8000, som er å ansjå som fullfinansiert av vår lokale sponsorar.
Den årelege Gløggbridgen vart arrangert som vanleg i jula, og som alltid var dette ei hyggeleg turnering.
Me skal også arrangere Sognefjells meisterskapen i mai. Tre turneringar med 7+ bord, i året er langt over kva ein gjennomsnittleg norsk klubb arrangerer.
Økonomisk er klubben no bra stilt, takka vera dei tre lokale sponsorar som alltid bridreg:
Luster Sparebank- Avery Dennison NTP -Luster Energiverk. Den største inntektskjelda vår er like vel grasrotandelen. Til no i år har me fått inn nesten 8000,- Miljøet i klubben er bra, og me tek godt i mot nybegynnarar når dei ein sjeldan gang dukkar opp.
Me treng alle å prøve å få med fleire. Klubben har også fått på plass heimeside, der alle resultat ligg fortløpande.
http://www.bridgekrets.no/Kretser/NBF-Sogn-og-Fjordane/Klubber/Skjolden-BK Jan Frode Bolstad
-leiar- Referat frå Årsmøtet: Årsmøte Skjolden Bridgeklubb
Fjordstova Måndag 2. april kl 18:30
Sak 1: Godkjenning av innkalling
Innkalling godkjent
Sak 2: Val av møteleiar
Vedtak: Jan Frode Bolstad
Sak 3: Val av referent
Vedtak: Lena Stai Bolstad
Sak 4: Val av to personar til å signere årsmøte protokollen
Vedtak: Ingrunn Bolstad og Eirik Nyhus
Sak 5: Årsmelding
Ingen merknadar til årsmelding
Sak 6: Rekneskap
Klubben har god økonomi. Vi har tre lokale sponsorar som bidreg, i tillegg til grasrotandelen.
Sak 7: Budsjett
Viser til sak 6.
Sak 8: Klubbkveldar:
- Oppstart dato, klokkeslett, antall spel, siste spelekveld, bevertning, anna? Ingen innvendinger til organiseringen av klubbkveldene. Fortsetter som i inneværende sesong. Første spelekveld til høsten blir 1. oktober kl 18.30
Sak 9: Rekruttering
Vi er pr i dag den største klubben i kommunen. Det er viktig å holde trykket oppe når det gjeld rekrutteringsarbeid. Det er mange på Skjolden som kan bridge, og som vi må prøve å få med igjen.
Sak 10: Nytt kontigentsystem NBF
Leiar informerte kort. Mindre årskontingent til krets og forbund, istaden må klubben betale inn ein viss sum pr spelar pr kveld til NBF.
Sak 11: Info frå Kretstinget
Det var kretsting 24.03. Valnemda hadde ikkje funne ny leiar. Blir ekstraordinert kretsting så snart valkomiteen har funne ein kandidat. Det skal frameleis vere kretsting annakvart år som no.
Sak 12: Val av leiar, kasserar, sekretær, Valnemnd og Revisor. For 2 år.
Leiar: Jan Frode Bolstad, attval
Kasserer: Jon Galde, attval
Styremedlem: Kåre Hauge, ny
Valnemd: Arne Hauge og Sverre Bukve
Lena Stai Bolstad
-referent- Eirik Nyhus Ingrunn Bolstad
-sign- -sign-
Hei ! Vil du lære bridge? Eller friske opp att gamle kunnskaper
27.03.2012
Som du ser, er me stadig på jakt etter nye, og gamle spelarar. Lena og Jan Frode avslutta med stil og vart Klubbmeistrar. Premie til dei 4 beste samanlagt vert delt ut på årsmøtet.
26.03.2012
Måndag 2. april vert siste spelekveld, og Årsmøte. Eigen premiering, tel ikkje i KM.
19.03.2012
Årsmøte Skjolden Bridgeklubb
Fjordstova Måndag 2. april kl 18:30
-Vanleg spelekveld straks årsmøtet er ferdig.
Sakliste:
Sak 1: Godkjenning av innkalling
Sak 2: Val av møteleiar
Sak 3: Val av referent
Sak 4: Val av to personar til å signere årsmøte protokollen
Sak 5: Årsmelding
Sak 6: Rekneskap
Sak 7: Budsjett
Sak 8: Klubbkveldar:
- Oppstart dato, klokkeslett, antall spel, siste spelekveld, bevertning, anna? Sak 9: Rekruttering Sak 10: Nytt kontigentsystem NBF
Sak 11: Info frå Kretstinget
Sak 12: Val av leiar,kasserar,sekretær, Valnemnd og Revisor. For 2 år.
For styret
Jan Frode Bolstad -Leiar- Arne og Sverre vann i kveld 66,7% -Sterkt !!
19.03.2012
9% i skilnad før siste teljande kveld i Klubbmeisterskapen.
Førehandsfavorittane slo til !! Sverre og Ketil vann Lustrameisterskapen
17.03.2012
Som vanleg, ein trivleg turnering.John Inge og Sjur leda mest heile kvelden, men til slutt drog veteranane av med seieren. "gutalaka" vart nemd.... Lustrameisterskapet på Skjolden Laurdag 17. Mars kl 17:00
16.03.2012
Påmelding til Jan Frode på 97 54 09 06, eller janfrode@ntp.no Startkontigent pr spelar inkl god mat og kaffi. Innmelde førehandsfavorittar: Ketil og Sverre på biletet, som vann Gløggbridgen. Nils Sverre og Torstein, John Inge og 7r, I indre strøk set ein likevel si lit til at heimebane skal vere ein fordel. Ein kjenner maten, og klimaet. :-)
|