Hafslo og Gaupne bridgeklubb inviterer til vår etter kvart tradisjonsrike Rune Veum minneturnering fredag 30.april kl 1800.
I desse dagar spelar me på realbridge, og sidan realbridge enno ikkje klarar laga til singeltevlingar vert det parturnering denne gongen. Men; me skal få ein fin kveld likevel:
Me startar kl 1800, dvs at du skal logga deg inn seinast 15 minuttar før. Har du ikkje spelt på realbridge før så prøv ut på ein klubbkveld i Hafslo/Gaupne bk eller spør ein av oss som har gjort dette nokre gonger.
Me spelar rundt 45 spel, tal rundar og tal spel i runden kjem an på deltakinga.
Dei tre beste para vert premiert med flytande varer frå ein av butikkane på Pyramiden butikksenter.
I tillegg vert det sett opp ekstrapremiar i fleng, slik at alle skal ha noko å spela for heile kvelden:
1.Første person til å få heim ein dobla kontrakt
2.Første person som får siste stikk på ruter 7
3.Første par som får ein udelt topp mot Hans Kalhagen og makker
4.Første par som får ein udelt topp mot John Inge Fredheim og makker
5.5 spurtrundar i løpet av kvelden, dei fleste mot slutten.
I Rune si ånd ønskjer me ein god tone rundt bordet, det vil seia å gje makker, motspelarar og seg sjølv ein raus tabbekvote. I Rune si verd spelte det ingen rolle om du var nybyrjar eller stormeister.
Denne kvelden er det lov med ein pikkande liten ved bordet, ja faktisk nesten påkrevd.
Dette er ein privat turnering først og fremst for sogningar ELLER dei som kjende Rune. Men du skal sjølvsagt få spela saman med favorittmakkeren din. De som har spela på klubbkveldane våre denne vinteren er òg velkomne.
Me tek 100 kroner per spelar denne kvelden, på VIPPS som vanleg, mesteparten av dette går ut i premiar.