RUNE VEUM MINNETURNERING PÅ BBO, TORSDAG 30.04. KL. 18.00 (mrk ny tid!)
Underteikna har vore på teamsmøte med NBF og fått litt info, samt tilgang som tevlingsleiar for betalingsturneringar på BBO. Då skal me vera sikra at ikkje turneringa bryt saman ved oppstart. Me startar kl. 18.00 eller når me har fått eit talsom går opp i 4 (32,36,40 e.l.). Ver difor grei og meld deg på i god tid. Me spelar 36 spel fordelt på 18 rundar. MEN BBO krev ein startavgift frå oss (1bb$) pr spelar. Dersom du ikkje har ordna deg med bb$ vil eg anbefale at du gjer dette no. Det er omtrent like vanskelg som å vippse ( som ein heller treng doktorgrad for å utføre). I tillegg betalar de startavgfit kr. 100 til Svein (95065421). Vent til turneringa har starta! Det vert pengepremiering og turneringa vert rapportert nbf som vanleg. Heider og rosande ord på sosiale media lyt ein og rekna med. System dersom ingen avtalar: Beste minor, 5 kort major, 15-17 NT, overføringar, 2 kløver sterk, svake 2, 4 ess blackwood, Forklar dine egne meldingar, ikke makker sine. Vel møtt!
Helsing Arve Bjørn (tevlingsleiar/turneringsleiar) og favoritt for kvelden