Sesongstart med speling måndag 26.09 kl.18.30 på Håbakken.
Terminlist for hausten (Aurland - Lærdal)
26.09 - 03.10 - 10.10 - 17.10 - 24.10 - 31.10 - 07.11 - 14.11 - 21.11 - 28.11 - 05.12 - 12.12.
Dei 3 fyrste spelekveldane prioriterar me singelturnering. Dersom dette ikkje høver, vert det vanleg parturnering eller lagspel.
Haustturneringa startar 17.10
Av dei 9 kveldane er det dei 6 beste som tel i haustturneringa. Premiering for dei 3 beste para.
BRIDGEKURS.
I tillegg til den vanlege spelinga vert det bridgekurs på 3 timar pr. veka. LBL har annonsert kurs på Laksen
frå 18.00 - 21.00 frå og med 29.09 og vidare alle torsdagar i oktober.
Aurland BK har starta opp eit liknande kursopplegg.
Avslutning før jul vert fredag 09.12. Parturnering etter vanleg lest med trekking av makkerar osv. Undervegs servering av julemiddag.
Aurland BK har ansvar for tilrettelegging og med utdeling av premiar for haustturneringa.