Styret 2015-16 : Magnar Ljøsne, leiar
Oddmund Bøe, kasserar
Magne Eri, turneringsleiar
Knut Eltun, skrivar
Jan Steinar Hole, medlem
Til medlemane i Lærdal Bridgelag.
ORIENTERING OM BRIDGESESONGEN 2015/2016
Styremøte for Aurland BK og Lærdal LB 21.09 i Aurland. Her vart terminlista avklart . Ny test og avklaring på spel-registrering med smart- telefon. Sesongstart med speling måndag 28.09 kl. 18.30 på Håbakken.
Terminlista for hausten 2015 ( Aurland - Lærdal) : 28.09 - 05.10 – 12.10 – 19.10 – 26.10 – 02.11 – 9.11 - 16.11 - 23.11- 30.11 - 07.12
Dei 3 første spelekveldane prioriterar me singelturnering. Dersom dette ikkje høver, vert det vanleg parturnering eller lagspel .
Haustturneringa startar 19.10 Av dei 8 kveldane er det dei 5 beste som tel i hausturneringa. Premiering for dei 3 beste para.
Lærdal BL har 70 års jubileum i år - dette vert markert med ei "intern turnering" 31.10. Styret jobbar med opplegg. Ynskjeleg å invitera alle(?) tidlegare medlemmer til ei hyggeleg turnering - kanskje og med eit lite historisk tilbakeblikk. Det vert truleg og ein jubileumsmiddag.
Avslutninga før jul vert fredag 11.12. Parturnering etter vanleg lest med trekking av makkerar osv. Undervegs servering av julemiddag. Aurland BK har ansvar for tilrettelegging og med utdeling av premiar for haustturneringa.
Klubbmeistarskapen 2016 går over følgjande måndagar: 04.01, 11.01, 18.01, 25.01, 01.02, 08.02, 15.02, 22.02, 29.02, 07.03, 14.03, 21.03 28.03
Første gong , 04.01, i Aurland . Deretter vekslar spelinga mellom Aurland og Lærdal. Dei dei 9 beste kveldane er teljande i klubbmeisterskapen.
Avslutning m/årsmøte fredag 15.04.15. i Lærdal Ansvar : Styret i LBL
Medlemskontigenten i Lærdal Bridgelag for sesongen er kr. 600,-. Den som betalar denne kontigenten er A-medlem i laget og automatisk også medlem av Norsk Bridgeforbund. Dette medlemskapet betyr at du vert medlem av meisterpoengordninga, og kan representera Lærdal Bridgelag i krins-, forbunds- eller åpne turneringar og du mottek medlemsbladet "Norsk Bridge" 6 gonger for året. NBF sine lover gjev rett til å spela i fleire klubbar utan at ein må betala kontingent til NBF meir enn ein gong. I slike tilfelle vert det kun aktuelt med ein rein klubbkontigent. Vidare vert det ein kveldskontigent pr. spelar på 50 kr. Dette skal dekka ein del utgifter som klubben har på spelekveldane, m.a lokalleiga.
Heimesida til laget finn ein på : http://www.bridgekrets.no/Kretser/NBF-Sogn-og-Fjordane/Klubber/Laerdal-BL
Vel møtt til ny bridgesesong !
09.09.15 styret LBL
Magnar Ljøsne