Arnt Ola og Adelheid er i storslag om dagen. Ny seier i første runde om Bankpokalen 2015/2016. Reidun/Lars og Magne/Ingar kom på plassane bak.
Dette var den første spelinga, av i alt fire, om Bankpokalen 2015/2016. Dei tre andre spelingane vil bli etter nyttår, men ikkje den første (4/1) som vil bli ein vanleg enkeltkveld. Det vert spela om Bankpokalen over tre år. Det beste paret over dei tre åra får kvar sin pokal (bankpokal) til odel og eige. Vinnarane i kvart av åra får kvar sin miniatyrpokal. Det er tredje året vi no spelar om for denne pokalen.
Det vert ikkje speling neste måndag (21/12) pga. stort fråvær. Terminlista er oppdatert for vårsesongen.
Hugs å betale årskontingenten innan fristen (30/12). NBF krev kr. 50,- ekstra i serviceavgift pr. spelekveld for ikkje-medlemar. Det vil difor lønne seg å vere medlem sjølv med få spelingar i løpet av året.
Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.