NyheterErnst og Arve Bjørn med knapp siger
17.01.2017
Etter fleire veker pause, var Ernst tilbake i klubben og gjekk like godt til topps i kompaniskap med Arve Bjørn. Like bak følgde Tor-John Inge.
Oddstein og Ivar vann igjen.
10.01.2017
Nok ein gong var Ivar og Oddstein øvst på pallen. Men sjølv med 6 pluss i innbyrdes oppgjer, måtte dei i kveld dele førsteplassen med Nils Sverre og Torstein.
Suveren siger til Oddstein og Ivar
03.01.2017
Etter ein tung start på sesongen, har Ivar og Oddstein funne storformen. I kveld leia dei frå start til mål og toppa med solid margin til Ketil og Ole Herman på plassen bak.
Tor-John Inge vann Gløggbridgen.
30.12.2016
Dobbelsiger til Hafslo på Skjolden med Tor-John Inge øvst og Nils Sverre-Torstein på plassen bak. Dermed har Nils Sverre imponert med tre sølv på like mange forsøk i jula!! Som vanleg eit flott og koseleg arrangement av Skjolden BK. Resultat og spelestensilar. Andreplass til Nils Sverre på Lerum-cup
30.12.2016
Nils Sverre-Øyvind Barsnes kom på ein fin andreplass på årets juleturneringa i Sogndal. Frank Rødal-Trond Austrheim toppa med solid margin. Resultatliste på heimesida til Sogndal BK
Kjell Inge og Anders vann juleavslutninga.
22.12.2016
8,5 bord på startstreken, julebord og premie til alle. Med andre ord, nok ei hyggeleg juleavslutning i lag med sogndølene. Suverene vinnarar vart Kjell Inge-Anders med Oddstein-Ivar og Nils-Kjell på dei øvrige pallplassane. Då ønskjer me alle bridgevener ei god jul, og minner om juleturneringa i Sogndal, gløggbridgen på Skjolden og sonesamlinga på Hafslo like over nyttår.
Hans H. og Arve Bjørn til topps
13.12.2016
Det var lite å gjere med Arve Bjørn og Hans Herman i kveld. Gledeleg opptur for Oddstein og Ivar med andreplass medan Ketil og Ole Herman fekk siste pallplassen. Komande tysdag er det julebord i lag med sogndølene. Pris for speling og mat kr. 300. I tillegg er det fint om du har med ei julegåve til premie.
Hafslo vart lustrameistrar for lag.
11.12.2016
Etter tre solide sigrar i innleiingrundane, og suveren siger mot Skjolden 1 i semifinalen, var det duka for prestisjeoppgjer i finalen mot Gaupne med John Inge på laget. Ikkje uventa vart det ein jamn affære med 7-7 etter halvspelt kamp og 4 Imps siger tilslutt. Skjolden 2 tok tredjeplassen etter siger i nabooppgjeret mot Skjolden 1. Takk til Gaupne BL for ein triveleg kveld!
|