NyheterSommarbridgen 2016
02.09.2016
Sommarbridgen er slutt for i år. Me byrjar oppatt på tysdag 13. september med nokre oppvarmingskveldar. Same tid og stad som før; Kantina på vidaregåande kl. 1800.
Samandrag av bridgefestivalsommaren
08.08.2016
John Inge og Jonny reiste frå Skjolden fredag 29.7 og rakk akuratt ein kveldsturnering der dei vart nr. 44 av 128. Sjur og Mariusz vart nr. 28, men dei hadde tasta inn sine norske spelenummer so det står andre namn på resultatlista. Laurdagen var det klart for Chairmanscup der John Inge - Jonny og Sjur - Mariusz spelte på lag Mind-1-Experten. Laget vart nr 33 av 173, og var kvalifiserte til cupspel med god margin, men valgte å trekka laget for å reisa til Noreg for å spela i den norske festivalen. John Inge - Tor og Jonny - Willy stilte på lag "Sogn" i ope NM lag. Det gjekk trått på slutten og laget hamna på 42. plass av 48 lag, det mest positive å ta med seg frå denne tevlinga var at dei slo Sogndølene i innbyrdes kamp. Før start vart laget trekt ut som lag nr. 1 og hamna derfor på bord ein i fyrste runde og fekk spele med direkteoverføring på BBO. John Inge og Tor vart og filma og streama live ut på youtube. Spesielt interessert kan fylgja Tor og John Inge mot ekteparet Homme i fyrste kampen her. Trass dårleg plassering i NM ope lag fann karane ut at dei ville freista å spela Patton dagen etterpå. Det gjekk mykje betre og laget var med i tetstriden frå kamp to og heilt til siste kort var lagt, dei hamna på fjerdeplass berre seks poeng bak dei som vann. Marit Sveaas International Bridge Tournament runda av den norske bridgefestivalen. John Inge - Willy fekk selskap av Jan Frode og Lena og begge para gjorde sine saker heilt ok. Etter 12 spel var faktisk begge para blant dei 6 beste. Tevlinga var ein fin erfaring for lustringane som fekk prøva seg mot nokre av verdas aller beste bridgespelarar. Det kan nemnast at John Inge og Willy hade +123 mot 13 gonger verdsmeister og bridgelegende Benito Garozzo. John Inge - Willy vart til slutt nr. 87 og Jan Frode - Lena vart nr. 96 av totalt 160 par.
Tor og John Inge med flott 4.plass på Bridgefestivalen.
04.08.2016
Etter heller tunge dagar i NM-lag tok Tor og John Inge i kompaniskap med Jonny Gjerde og Willy Myhre kraftig revansje i Patton-turneringa. I ei rekordjamn tetgruppe kunne det gått heile vegen, men tilslutt enda det med ein flott 4. plass i ei turnering med mange toppspelarar på startstreken. Fullstendig resultatliste ligg på heimesida til Norsk Bridgeforbund.
Ketil til topps.
01.05.2016
Det var spenning til siste slutt, men Ketil trakk det lengste strået og sikra seg sigeren i Rune Veums minneturnering. Jan Frode og Sverre kom på dei øvrige premieplassane. Fullstendig resultatliste kjem på heimesida til Gaupne BK
Resultat samspel 2015-2016
29.04.2016
Nils Sverre - Torstein vann samspelsturneringen i år. Stig Rune - Hans Herman vart nummer to og Mariusz - Sjur Arne tok tredjeplassen. Premieutdeling vert på fyrste samspelskveld i Sogndal til neste år. Sogndølene dominerte siste samspelkvelden.
26.04.2016
Olav Brandshaug-Willy Myhre gjekk seirande ut av siste samspelkveld for i år, med Kai og Svein på andre og Stig Rune-Hans på delt tredjeplass i lag med Rune og Øystein. Fullstendig resultatliste der 5 av 8 kveldar tel kjem seinare. Komande tysdag, 3. mai, startar sommarbridgen og vert arrangert på Fosshaugane Campus med Sogndal BK og Hafslo/Solvorn BK som arrangørar. Vel møtt! Resultat klubbturneringar 2015/2016
20.04.2016
Dei som kom på på pallen i dei ulike turneringane denne sesongen finn du under Les meir.
Ivar vann singelturneringa.
19.04.2016
Ivar har hatt gode dagar ved bridgebordet. Først vart han klubbmeistar sist fredag, og i kveld gjekk han til topps i singelturneringa over tre kveldar, fattige eitt poeng føre Nils Sverre. Jon G. sikra seg tredjepremien. Komande tysdag avsluttar me sesongen med samspelkveld på heimebane.
|