Den tradisjonelle påsketurneringa samla nok ein gong over 30 par, noko som gjer den til den største og mest populære bridgeturneringa i fylket. Viktige suksessfaktorar i denne samanhengen er ypparlege spelelokale, god mat ( takk Ellen), avslappa og hyggeleg atmosfære, og ikkje minst; eit bra nivå blant deltakarane. Ikkje uventa var det bergensarane Erik Eriksen- Finn Fyllingslid som stakk avgarde med den største premiesjekken, med Terje Garseg og generalsekretær i Norges Bridgeforbund, Allan Livgård, på plassen bak. Best av våre vart Nils Sverre og Torstein på 6.plass. Dermed er det berre å konkludere med nok ei vellukka turnering, og ei hyggeleg helsing på Facebook frå generalsekretæren er no alltid kjekt å ta med seg!! Sluttresultat i lenka øvst på sida.