Vonar alle har lese tidlegare info ( heimeside/face) om den nye plattformen RealBridge https://realbridge.online/
Eg vil truleg få på plass ein klubbkveld torsdag 3 des kl 19. Dei påmelde vil få tilsendt ein påloggingslink på e-post seinast ein time før spelinga startar - Det er berre å trykke på linken, skrive inn namn og medlemsnr og så er du på plass. NB! Først må du sjekke/teste datautstyret: Ha oppdatert nettlesar (NB! Ikkje Explorer) og headsett med mikrofon - sjå linkar publisert på heimeside/Face.
Eg tek denne gongen sikte på ei turnering med ikkje altfor mange deltakarar - og berre for medlemmer i Nordfjordeid BK og Måløy BK. PAR melder seg på pr e-post til meg - Siste frist onsdag kveld.Pris pr spelar kr 30, Vipps 550099 eller nettbank 3790 12 94721. Betal ikkje før etter spelekvelden er gjennomført.
Resultat vil du finne på samme sida, men det er viktig at du forlet “lokalet” når du er har sett resultata - du vil ha tilgang via linken ca 1 døgn. Ingen publisering på heimesidene til klubbane - systema snakkar ikkje saman pr no.
Klubbpoeng berre dersom eg legg alt inn i Ruter - eg må vurdere arbeidsmengda.