3.div bridge. Sogndal vann 3 div etter mykje styr og trekte lag!!
Sogndal leda ganske klart etter første helg men skulle ut i to tøffe kampar laurdagen den andre helga. Først slo dei første utfordrar Hoff 79-59, og då Eriksen som var den andre utfordraren til opprykk trekte laget sitt p.g.a uværet trudde dei fleste at dette var i boks. Søndagen skulle dei møte Høyanger som og av ein eller annan grunn lot være å møte og Sogndal fekk utdelt snittet sitt i kampen. Samtidig knuste Hoff den eine etter den andre i sine kampar. I siste kamp møtte Sogndal Hafslo og gjekk på sitt første tap. Samtidig knuste Hoff sin motstandar slik at forspranget nesten var vekke. Når vi i tillegg måtte vente på forbundet sin dom over dei laga som ikkje møtte vart det nokre spennande dagar. Men Sogndal stod fortsatt øverst og stiller for første gang lag i 2 divisjon!! Kan nevnast og at Gåsdal og trekte laget sitt slik at 3 lag uteblei frå spelinga,noko som gjorde at det vart ei amputert siste spelehelg.