Bridgen startar opp igjen: 10. september kl. 18.30 (mrk ny tid)
Oppstart Hafslo og Gaupne bridgeklubb.
Torsdag 10.09.2020 kl 18.30 (nb merk ny tid).
Nils Sverre, John Inge, Svein og Arve Bjørn har hatt møte for å samkøyra oppstart for klubbane våre og har komme fram til følgjande:
Torsdag 10.09. kl 18.30 startar med opp med vanleg klubbkveld samla for begge klubber i ungdomshuset Soltun i Gaupne.
Me vil sjølsagt gjennomføre kvelden i tråd med smittevernreglane, noko som inneber;
· * Antibac på kvart bord,
· * Reinhald før, mellom og etter rundane,
· * Kvar spelar har sin merka meldeboks for kvelden,
· * Kaffi vert servert i eigne merka koppar ( pappkrus),
· * Treng du noko å bite i, tek du med dette sjølv,
· * Halde avstand,
· * Er du sjuk, hald deg heime,
Me kan maksimalt ta imot 7 bord, og me vil prioritere folk frå våre eigne klubbar i første omgang. Er det ledige plassar vil det verte høve til å melde seg på på nett nokre dagar i førvegen. Vil bli kunngjort på Faceb. Me gler oss til å komma i gang att, og ynskjer gamle og gjerne nye bridgespelare velkommen. Mvh Arve Bjørn