Begge laga til Hafslo berga plassen i 3.divisjon med god margin. Etter ein kalassiger mot Sogndal i siste runde, kom laget til John Inge på ein fin-fin tredjeplass. Forutan John Inge spelte Nils, Hans Herman,Stig Rune og Arve Bjørn på bronselaget.
Resultatlista ligg på kretsen si heimeside, men den vert stadig endra, so det kan nok ta litt tid før dei som ligg i faresonen for nedrykk kan vere sikker på om det vert 3. eller 4.divisjonspel neste sesong.