Neste måndag (19/12) blir det vanleg enkeltkveld. Dei to siste rundene om pokalen skal spelast etter nyttår. Sjå terminlista.
På siste årsmøte vart det vedtekne nye statuttar for Bankpokalen. Pokalen skal no gå over eitt år, og det er den beste spelaren (eller det beste paret) i tre av fire spelekveldar som vinn pokalen. Dvs. ein eller to premiar. Vinnar(ane) må ha ei form for medlemskap i Leikanger Bridgelag.
Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.
Vel møtt!
Ei revidert (7/11) terminliste fram til 1/2 2017 er lagt ut på heimesida