NyheterFylkesmeisterskapen for par.
09.12.2012
Hafslo/Solvorn BK arrangerer fylkesmeisterskapen for par tysdag 11.12.2012. Sogndølene kjem inn og spelar med oss. Kvelden tel i samandraget i haustturneringa. MP-treffet 2012
06.12.2012
John Inge og Mariuz vann MP-treffet i Sogndal med ein score på rundt 70 %, noko som heilt sikkert vil føre til ein topp-plassering på landsbasis. Spelekvelden vart arrangert av Sogndal BK på Campus, og sluttresultatet lokalt kjem på heimesida til Sogndal. NM klubblag 2012/2013
06.12.2012
Hafslo/Solvorn 2 fekk hard motstand i 3. runde. Åsane BK 1 vart trekt på heimebane, og kampen skal spelast innan søndag 13.januar. Trekninga finn du her: http://bridge.no/Turneringsweb/NM-for-klubblag/2012-13/Trekning-3.-runde 3. samspelkveld med Sogndal
27.11.2012
8 bord på startstreken då Hafslo og Sogndal møttest til 3. samspelkveld i Campuskantina. Beste hafslopar vart Jo Ketil og Ole Herman på 3.plass. Sluttresultatet finn du her: http://bridge.no/var/ruter/html/1582/2012-11-27.htm Neste tysdag vert det òg speling i Sogndal. Då står MP-treffet på programmet. Samanlagt haustturneringa
21.11.2012
Nils Sverre og Torstein leiar haustturneringa når ein kveld gjenstår. Resultata samanlagt finn du under Les meir. Dei to neste spelekveldane vert i kantina på Campus. Først Fylkesmeisterskapen for par den 27/11, deretter MP-treffet den 4/12. Haustturneringa 2012
20.11.2012
4. kveld i haustturneringa: Suveren siger til John Inge og Nils. NM klubblag
18.11.2012
Hafslo/Solvorn 1 (John Inge-Nils og Ivar-Oddstein) er ute av årets NM for lag etter at dei tapte både mot Førde og Gaupne. Førde vann begge kampane og er vidare, medan Gaupne (Rune- Arve Bjørn og Hans Herman - Stig Rune) må setje si lit til at dei blir blant dei toarane som går vidare til 3. runde. NM klubblag
18.11.2012
Hafslo/Solvorn 2 (Ketil-Sverre og Nils Sverre-Torstein) er klar for 3. runde i NM-lag etter at dei vann begge kampane i Førde på laurdag. Førde ( Torill Espe-Sjur Wie og Ivar Apelset-Nils Jakob Juklestad) vart sett på plass med 25-4, medan sigersmarginen mot Jølster ( Ludvig Langedal-Helge Sæterdal og Jan Gjertsen-Jarle Årdal) vart 17-13. Ein fin opptur etter ei heller miserabel 3. divisjonshelg : http://bridge-sfj.org/resultat2012/3div/sm2013-3f.htm. Då er det berre å håpe at det same skjer når det andre hafslolaget (Nils-John Inge og Ivar-Oddstein) møter Gaupne og Førde til dyst på søndag!
|