Skjolden BL pleier ha oppstart 1. måndag i oktober. Samfunnet har og no opna opp for at me kan møtast att som normalt.
Talet på spelarar i klubben har vore nedadgåande i dei siste åra. Nokon har falle frå, nokon er mindre ivrige, medan nokon ivrige spelar i Gaupne.
For å kunne starte på att med den vanlege måndagsbridgen treng me å ha eit sikkert antall på 3-4 bord.
- Om me skal lukkast med dette, må alle bidra både med å stille opp, skaffe seg makker, eller vere flexible der det er einkeltspelarar ledige.
- Kan me rekruttere nye/tidlegare spelarar?
- Medlemslista vår viser 16 spelarar, men det har vist seg vanskeleg både å få med alle desse, samt få inn spelarar frå Gaupne /Hafslo.
Plan framover blir å kartlegga om det er grunnlag for å spele fast på måndagar.
I tillegg er det ein plan om å få til nokon "fredagsbridge" framover. Dette er sett på som eit potensiale for å få med spelarar frå andre klubbar.
-Datoar og påmeldingslink kjem
Ein ber no medlemmane om å vise engasjement, og i kva grad dei ynskjer å spele aktivt i sesongen.
- Open for innspel: Jan Frode 97540906 janfrode@ntp.no