NyheterSonemesterskapen - kvalik NM-par.
06.01.2015
Hugs å melde deg på sonemeisterskapen på Hafslo laurdag 10. jan. Start kl 10.30. Sjå Turneringsoversynet på www.bridge.no Juleturneringa i Førde- Heggheim-Gjertsen vann
29.12.2014
Sjur einaste Sogndøl på startstreken. Han kom seg desverre ikkje over middels i makkerskap med Arild Hoff. Jan Gjertsen og Leif Heggheim vann ein suveren siger.Resultat finn du på Førde sine sider. Sunde Resirk -Adventsturnering i Årdal
29.12.2014
Sjur vart best av våre med 5 plass saman med John Inge. Tor Henning og Gullstein vart nr 6. Resultata finn du på Lærdal sine sider. Vann gjorde heimefavorittane Kåre Kvamsdal og Robert Hæreid. Hafslosiger i Lerum cup
28.12.2014
Tor Bremer og Nils Sverre Fardal vann laurdag Lerum cup. Beste Sogndalspar vart Kjell Inge og Kjell på 5 plass. Arnstein og Torbjørn vart nr 6. På startstreken var det 21 par.
Nytt spelelokale for Lerum cup
22.12.2014
Vi spelar i Sim huset i Sogndal (som ligg i 2.etasje i Frydenbøbygget)og prøver ut nye lokalet til turneringa etter å ha spelt på Campus nokre år. Vi håpar dette blir ei fin oppleving. Lerum Cup- litt praktisk info
22.12.2014
Spelelokalet: Frydenbøbygget Granden 2 etasje. I rundkøyringa ved Sogndalselva tar du av nedover langs elva ca 150meter. Det er gratis parkering til alle som kjem utanfor Sogndal. Medlemmer i Sogndal BK busett i Sogndal får anten gå eller parkere på kommunen sine plassar nede ved slaktehuset. Lerum Cup - Påmelding opna på www.bridge.no
17.12.2014
Det er no opna for påmelding på Bridge.no. Alternativt kan påmelding sendast til e post: tor@oks-as.no eller mobil :97146433.
NM Lag- Sogndal BK greit vidare
17.12.2014
Sogndal BK slo ut både Gaupne og Hafslo/Solvorn med klare siffer og er klare for 3.runde der dei møter Førde 2. Dei to andre laga frå fylket som er vidare er Førde 1 og Jølster.
Førde 2 består av : Juklestad - Hegrenes - Wie - Apelseth - Espe - Førde
Vi kjem tilbake med resultat av den kampen som skal spelast innan 18.januar.
|