NyheterSogndal BK med storeslem på Hafslo
17.12.2014
Sogndal tok dei øvste plassane på pallen under Juleavslutninga på Hafslo. Kai og Svein vann føre Øyvind og Tor Henning. Øystein og Rune tok 3.plassen.Vel blåst!! Resultata elles finn du på Hafslo sine sider.
Juleavslutning
11.12.2014
Tradisjonen tro vert det juleavslutning saman med Hafslo på Hafslo tysdag 16. des kl 18. Det vert full middag og hyggjeleg speling. Pris for mat og speling er sett til 275 kr. Hugs å ta med ei gåve til om lag 50 kr. Vi møter opp i hopetal.
Juleturnering - Lerum cup 3. juledag
11.12.2014
Den tradisjonelle turneringa 3. juledag (Lerum cup) vil finne stad i 2. etg på VOLVO sitt bygg i Øyane i lyse flotte lokale. Det vert matservering. Turneringsavgift 700 kr pr par. Premiering til den beste firedelen. Premiering etter tal deltakarar. Kontaktperson er Tor Henning Mardal tlf 971 46 433. Velkomne til ein triveleg turnering
FREDAGSBRIDGE - STILLING ETTER 3 RUNDAR
11.12.2014
Øyvind Barsnes leiar fredagsbridgen etter 3 rundar med %-scorane 54,8, 52,9 og 48,7. Totalt 156,4. Les meir om du vil ha topp 5...Mange har berre to kveldar so dette vil nok endre seg etter kvart. Marius har to teljande med scorane 70,2 og 62,1!!! Klubbmesterskap Haust 2014- Resultat
10.12.2014
Øyvind og Tor Henning vann haustturneringa ganske klart. Gullstein og Olav vart nr 2 og Sjur og Marius tok 3.plassen. 8 teljande kveldar der dei 5 beste kveldar er oppsummert. Resultata frå kampane i 4. div + neste spelehelg
04.12.2014
http://bridge.no/var/ruter/html/1500/2014-11-08-2015-02-01.htm
Vi speler dei siste rundene 7. og 8. februar. Ny info kjem i god tid før.
MP-treff
26.11.2014
Vi spelar MP-treff neste tysdag , 2. des. kl 18.
Alle er velkomne til spel i 2. etg på Campus.
Startkont 100 kr som inkluderer 60 kr til NBF (pr spelar)
KM-lag
25.11.2014
HUgs påmelding til KM-lag som skal spelast helga 29. og 30. nov.; Vi stiller med Sjur Arne, Mariusz og Gullstein saman med Jon Inge frå Hafslo
|