Nyheter4 RUNDE NM
19.01.2015
Sogndal trekte Melandsknekten, medan det andre gjenverande laget frå fylket, Førde 1(Hoff) må til Fosnavåg. Sogndal slo Førde 2 i bridge NM Lag.
18.01.2015
Halvspelt leda Førde 33-24, men ein halvrunde det lukta svidd av gjorde kort prosess med Førde 2. Heile 60-3 vann Sogndal og tok seg greit vidare til 4.runde med 84-36 samanlagt. "Eit par av spela var rett og slett magiske",kommenterte Sjur i all beskjedenheit etter kampen.
Fredagsbridge startar opp att 16.01
14.01.2015
Me startar opp att fredagsbridgen på hotellet førstkomande. Møt opp til ein triveleg kveld. Resultater sone Hafslo
11.01.2015
Her finn du resultata; http://bridge.no/var/ruter/html/1500/2015-01-10.htm
Rørstadbotten passerte 400 MP
08.01.2015
Gullstein passerte denne veka 400 MP. Men han lyt vente på 100 til før han kan smykke seg med Grandmester tittel. Det held likevel til å være best i Sogndal. Neste på lista er Sjur Bøe, men han ligg eit stykke bak. Gløggbridge i Skjolden- 3 par frå Sogndal
08.01.2015
Heile 20 par stilte til Gløggbridgen 29.des. 3 par frå Sogndal som alle kom godt over middels uten at noken blanda seg inn i tetstriden. 5,7 og 8 plass på våre der Kai og Anders var best. Vann gjorde Hans H Kalhagen og Arve Røneid til terningkast 6...Resultat for øvrig på Skjolden sine sider. Terminlista
06.01.2015
Endeleg er den nå i orden - (sjå vekk frå tida før jul.) Alt fram til sommaren stemmer no. Årsmøte
06.01.2015
Vi tek årsmøte tysdag 20. januar. Vanlege årsmøtesaker - har du saker til årsmøtet, kontakt Kai
|