NyheterOpprykket feira på klubbkvelden
03.02.2016
Tysdag vart det kake på klubbkvelden som markerte at klubben for første gang skal spele på nest høgste nivå!! 3.div bridge. Sogndal vann 3 div etter mykje styr og trekte lag!!
03.02.2016
Sogndal leda ganske klart etter første helg men skulle ut i to tøffe kampar laurdagen den andre helga. Først slo dei første utfordrar Hoff 79-59, og då Eriksen som var den andre utfordraren til opprykk trekte laget sitt p.g.a uværet trudde dei fleste at dette var i boks. Søndagen skulle dei møte Høyanger som og av ein eller annan grunn lot være å møte og Sogndal fekk utdelt snittet sitt i kampen. Samtidig knuste Hoff den eine etter den andre i sine kampar. I siste kamp møtte Sogndal Hafslo og gjekk på sitt første tap. Samtidig knuste Hoff sin motstandar slik at forspranget nesten var vekke. Når vi i tillegg måtte vente på forbundet sin dom over dei laga som ikkje møtte vart det nokre spennande dagar. Men Sogndal stod fortsatt øverst og stiller for første gang lag i 2 divisjon!! Kan nevnast og at Gåsdal og trekte laget sitt slik at 3 lag uteblei frå spelinga,noko som gjorde at det vart ei amputert siste spelehelg. 3 runde NM- begge laga tapte
13.01.2016
Sogndal 1 -Stryn har ikkje fått resultatet, men Stryn vann Førde 1 - Sogndal 2 145-40
Klubbmesterskap haust 2015- Svein og Kai best
13.01.2016
Svein og Kai best gjennom hausten og vann føre Kjell Inge og Anders. 4 beste kveldar er med i summeringa. 1) Kai-Svein 229,5 2)Kjell Inge-Anders 222,1 3)Torbjørn-Arnstein 218,8 4) Willy-Gullstein 218,1 5)Øystein-Rune 215,5 Kåre Kvamsdal-Robert Hæreid vann sona i Sogn-Likevel god insats frå Sogndal
11.01.2016
Det vart Årdalssiger på sonespelinga i helga,men Sogndalspara beit godt frå seg. Plasseringane vart: 2.Tor Henning -Øyvind 4.Willy-Arnt Ola 5.Kai-Kjell Inge 7.Sjur-Mariusz 8.Magnar-Rune 14.Ole S- Jo Tore( som spelte sin første turnering) Resultata elles finn du i toppemenyen
Førdeturneringa- Willy på pallen, Sjur på premieplass
04.01.2016
God insats av våre under Førdeturneringa. Willy vart nr 3 saman med John Inge medan Sjur i makkerskap med Haldor Sunde(SSS) vart nr 6.Resultat finn du på Førde BK sine sider. Vann gjorde Geir Hoff oh Geir Hjelmeland frå arrangørklubben. Gløggbridge Skjolden- Kalhagen-Røneid vann
30.12.2015
Kalhagen - Røneid vann Gløggbridgen i Skjolden. Beste Sogndalspar vart Sjur-Tor Hennin med 4 plass. Anders-Kjell Inge vart nr 6.Resultat finn du på Skjolden sine sider. Juleturneringar
29.12.2015
Sogndal stiller med spelarar på juleturneringane i fylket. I morgon spelar Sjur i makkerskap med Haldor Sunde på Førdeturneringa, medan Willy Myhre spelar med John Inge i same turnering. Gløggbridgen i Skjolden vert spelt ikveld med 3 Sogndalspar påmeldt. Kjell/Arnstein, Kjell Inge/Anders og Sjur/Tor H.
|