NyheterSommerbridge 2. juni
02.06.2015
Har bytta ut fila med feil kort med den rette fila på siste sommarbridge. Gå inn på resultat og sjå på spela. Jubileumsturnering
23.05.2015
Kjell Inge runder dei 70 på søndag og inviterte klubbmedlemmer med litt tillegg til singelturnering fredag 22. mai. Spelarane vart servert eit fantastisk måltid under turneringa med m.a. den beste røykalaksen eg nokon gong har smakt. Flott arrangement, Kjell Inge. Sigeren for kvelden tok Kjell Inge sin makker, Anders, med Svein på 2. plass. Formannen i klubben tok ein beskjeden sisteplass. Sjå elles resultatlista for 22.05. Vi som deltok takkar Kjell Inge for opplevinga. Speleavgifta på veg i posten
20.05.2015
Då har eg fakturert speleavgifta for våren 2015. Kjem i posten på fredag.Vær grei å la meg sleppe purre på desse beløpa. Blir det for mykje arbeid so må vi over på 50 lappen igjen :) Sjur vann Trondheim Cup -lagturnering
11.05.2015
Bøen spelte parturnering 2mai uten spesielt god gli, men slo kraftig tilbake då laget hans vann turneringa dagen etter. God prestasjon av vår nr 1
Sommarbridgen er i gang-
11.05.2015
Sommarbridgen er igang igjen. Spelestad er Fosshaugane Campus på tysdagar kl 18.00. Velkomne både gamle og nye bridgespelarar.
Sjur og Marius vann klubbmesterskapen vår 2015
22.04.2015
Sjur og Marius vann klubbmesterskapen suverent føre Svein og Kai. Dei var like suverene føre nr 3 som var Øyvind og Tor Henning.6 beste kveldane telde i samandraget. Sjur vann fredagsbridgen for april og samanlagt.(no korrigert for 4 beste kveldar)
14.04.2015
Sjur og Ola vann siste fredagsbridgen. Sjur vann samanlagt i år som ifjor. Dei ti beste finn du på les meir.38 spelarar har vore med i år. Marius , Kjell Inge og Anders har vore på samtlege.18 stk har 3 teljande eller meir. 4 beste kveldar tel i samandraget. Vinnarar av fredagsbridgen: 2015:Sjur Arne Bøe 2014:Sjur Arne Bøe 2013:Ivar Ness 2012:Ukjend 2011:Anders Stedje 2010:Kjell Skjeldestad 2009:Rune Veum 2008: Espen Forberg 2007: Tor Henning Mardal Tap mot Topbridge i 6.runde
07.04.2015
Det vart tap mot Topbridge i 6 runde. Likevel strålande insats og mest truleg den beste insatsen ever frå eit lag som har representert Sogndal BK. Sjur,Marius,Robert og Kåre well done!!
|