NyheterTor Henning - Øyvind vann stort under samspelskvelden
19.03.2013
Minus 8 i første runden mot Ola Beheim var ikkje noko ynskjestart kan du sei, men det vart med det minusbordet og poenga ramla etterkvart inn og stoppa på 60. Resultat ligg i menyen. Neste tysdag er det ny runde av vårturneringa.Skal prøve å få ein oppdatering av stoda der i løpet av veka. Torbjørn og Kai vann tysdag
13.03.2013
Torbjørn og Kai spelte godt heile kvelden og leda stort sett frå første spel.Resultata ligg i menyen. På biletet ser vi ein godt nøgd kar som kan konstantere at sigeren er i boks. Sjur og Marius klar for 6.runde
09.03.2013
Sjur og Marius stormar vidare i NM-lag. Idag var det 5.runde kamp mot Bergen Akademiske. Etter jevn første halvrunde viste dei styrke i andre og vann komfortabelt 120-48. No ventar vinnaren av Sørreisa/Bodø i 6.runde som og er siste hinder før NM finalen. Rett og slett glimrande. Ivar Ness overtok leiinga i fredagsbridgen
06.03.2013
Etter sin gode kveld saman med Øyvind gjekk dei to til topps i fredagsbridgen. Topp 5 ser slik ut: Ivar Ness:480,4 Øyvind Barsnes: 472,8 Sjur Bøe: 463 Gullstein Rørstadbotten: 449,6 Øystein Vikesland: 433,4 Fredagsbridgen blir avgjort med singelturnering på hotellet 5.april. Det har vore med til saman 37 spelarar innom fredagsbridgen til no. Av dei har 6 spelarar vore på alle.Det er Ivar,Gullstein,Marius,Øyvind,Øystein og Kjell Inge.5 spelarar er registrert med 3 teljande kveldar og kan være med å kjempe om premiane om dei møter på singelturneringa.
Barsnes med ny overraskande siger
06.03.2013
Lynet slår sjeldan ned to gonger same plass.Denne veka er beviset på at denne frasa ikkje held vatn.Barsnes tok sin andre siger på 5 dagar.Resultata ligg i menyen Fredagsbridge
01.03.2013
Sensasjonell seier i kveld:
FREDAGSBRIDGEN SKAL AVGJERAST!!
27.02.2013
Fredag 1.mars er dag for nest siste fredagsbridge. Det er 3 beste kveldar med ulik makker som tel. Fleire spelarar har to kveldar med bra snitt og kan snyte Sjur,Ivar,Gullet,Øyvind eller Øystein som ligg best an pr no. Dette blir spennande!! Torstein-Nils Sverre vann føre 3 sogndalspar
27.02.2013
Torstein - Nils Sverre vann samspelskvelden. Likevel bra insats av para våre med 2,3 og 4 plass. Gullstein som her er avbilda delte 2 plassen.Resultata finn du her http://bridge.no/var/ruter/html/1538/2013-02-26.htm
|