NyheterNM-LAG - TØFF MOTSTAND FOR SOGNDAL
28.11.2012
Sogndal møter tøff motstand i 1.runde NM LAG då dei vart trekte ut mot Førde 1 og Årdal. Kampen vert spelt laurdag 3.des kl 10.00.Gullstein,Olav,Øyvind og Tor Henning stiller for Sogndal.Einaste trøsten er at vi mest truleg får to frå Sogndal vidare uansett utfall av kampane i helga. Om du lurer på korleis kan du sjå på les meir... MINNER OM FREDAGSBRIDGEN 30.NOVEMBER
27.11.2012
Velkommen til ei hyggestund på Quality Sogndal Hotel på fredag. Me satsar på godt oppmøte!! FM PAR - UTSETT, SJUR OG MARIUSZ VANN KLUBBKVELDEN
27.11.2012
Uten at underteikna veit årsaken vart FM par utsett. I staden møtte 16 par til ordinær klubbkveld på Campus. Sjur og Mariusz vann til slutt etter at Stig Rune og Hans Herman leda stort sett heile kvelden. So får vi sjå om ein klarar å putte FM par inn i terminlista før jul. Elles registrera vi at ein del klagar på spelelokalet vårt på Campus både når det gjeld støy og temperatur. Vi kan forsikre dykk om at dette vil betre seg etterkvart som rommet vert bygd inn. Enn so lenge får vi kle på oss litt ekstra og heller tolerere litt uro. FM PAR - I MORGON PÅ CAMPUS
26.11.2012
I morgon blir det spelt FM par i klubbane. Ifjor vart Jo Ketil og Sverre best i pulja vår, noko som heldt til ein 9 plass totalt. Kanskje klarar vi å få eit par på pallen i år? KM-LAG - SOGNDAL NR 3
26.11.2012
Etter å ha leda etter første dag av KM på Skei tapte Sogndal begge nøkkelkampane på søndag og måtte nøye seg med tredje plass. Vann gjorde W.T føre Førde.Resultat med butler finn du her http://www.bridge-sfj.org/resultat2012/kmlag/kmlag.htm HAUSTTURNERINGA
23.11.2012
Etter to strake klubbmesterskap må Olav legge frå seg gitaren å ta fram 2.fiolinen. Det er svært jevnt om andre plassen. I ein kommentar seier Olav at dei kjem til å gi alt for å sikre seg andre plassen den 11.desember.Oversikten over haustturneringa ser du på les meir.Dei kveldane som er merka med raudt er taljande. 5 beste kveldar tel med i samandraget. Siste kveld vert spelt 11.desmber. KM LAG - SOGNDAL STILLER
20.11.2012
Til helga går KM Lag av stabelen på Skei. Sogndal stiller med 1.lag. (med hjelp av ein Hafslobygding). Reknar med John Inge og Mariusz fortset den gode trenden frå Måløy og divisjonen. Dei har med seg Gullstein og Sjur (som tok 2.plassen i 2005, jfr bildet). Me ynskjer dei lykke til. KLUBBKVELD 20.NOVEMBER - GULLSTEIN OG OLAV TILBAKE PÅ TOPP
20.11.2012
Gullstein og Olav var endeleg tilbake på topp. Sist dei vann ein klubbkveld var 10.april. Jermund og Arvid tok 2.plassen.
|