NyheterKM PAR- SJUR/MARIUS VANN!!
24.02.2013
Sogndal stilte kun med eitt par under KM på Skei. Det heldt lenge. Sjur og Marius tok likegodt 1.plassen!! Fullstendig resultatliste finn du under les meir Kjell - Svein vann 3 kveld av vårturneringa
21.02.2013
Resultata finn du i resultatmenyen. Øyvind - Tor Henning vann tysdag
14.02.2013
Øystein kjempa hardt om sigeren tysdag men møtte hard motstand på siste bordet. :) Resultat og spelestensil ligg i resultatmenyen. SJUR LEIAR FREDAGSBRIDGEN
14.02.2013
Sjur leiar noko overraskande fredagsbridgen etter resultata for februar. Men Ivar Ness tok eit jafs med siger i siste runde.Oversikt over dei 5 beste ser du på les meir SJUR-MARIUS VIDARE TIL 5.RUNDE NM
11.02.2013
Sjur og Marius er vidare til 5.runde etter at dei slo Hafslo/Solvorn idag 82-56 i 4.runde.Dei representerer Årdal BK i NM. DOBBELTSIGER TIL SOGNDAL!!!
10.02.2013
Sogndal BK gjorde ein god insats under 4.div på Leikanger og tok like godt dobbeltsiger!! Etter første helga leda Sogndal, Mardal(Gullstein,Olav,Øyvind og Tor Henning), med nokre få VP føre Sogndal, Lille Homb(Kai,Anders,Kjell Inge,Inge,Øystein og Torbjørn), med Kyrkjebø hakk i hæl. Sogndal, Lille Homb gjekk opp i leiinga etter første kampen denne helga og heldt leiinga heilt til laga møttest innbyrdes i nest siste runde. Her vann Sogndal Mardal 20-10 og leia før siste runden. Sogndal Mardal slo Balestrand 20-10 i siste kampen og Sogndal Lille Homb måtte ha 25 VP i siste kampen mot Leikanger. Dei vann kun 19-11 og dermed vart det siger til Sogndal Mardal som neste år vil prøve seg i 3 divisjon. På bildet ser vi Gullstein kjempe mot Anders/Kjell Inge i innbyrdes oppgjer.Under les meir finn du alle resultat,butler m.m. Takk og til Gunn og Torbjørn for framifrå service både når det gjeld resultatservice og servering. Dei gjer ein kjempejobb for bridgen i Sogn. 4.DIVISJON SKAL AVGJERAST I HELGA- SOGNDAL HAR BEGGE LAGA I TOPPEN
08.02.2013
4. divisjon har speling denne helga. Her er ein oppdatering på stoda etter helga i haust : http://bridge-sfj.org/resultat2012/4dleik/4divleikanger.htm
GULLET - BRANDSHAUG VANN DENNE VEKAS KLUBBKVELD
08.02.2013
Kun 3 bord møtte tysdag og Gullet - Brandshaug drog sigeren i land. Resultata finn du i resultatmenyen. Dette var og starten på klubbmesterskapet vår 2013.
|