NyheterBridgeaktivitetar vert utsett/avlyst.
12.03.2020
I styremøte i føremiddag vart det bestemt at all bridgeaktivitet vert avlyst/utsett inntil vidare, herunder Lustrameisterskapen og Påsketurneringa. Dette er i tråd med anbefalingar frå NBF. Lustrameisterskapen for par.
05.02.2020
Turneringa vert arrangert av Hafslo/Solvorn BK i kantina på Hafslo barne - og ungdomsskule laurdag 21. mars kl.17. Truleg opprykk til 3.divisjon
05.02.2020
Trass i at Hafslo/Solvorn ( Nils Sverre-Sverre-Tor-Ketil og Torstein) måtte sjå seg forbigått av Balestrand etter siste runde, rykkjer laget truleg opp 'ein divisjon komande sesong. 3. kveld med trekt makker.
05.02.2020
Nils Sverre og Svein leia frå start til mål og vann komfortabelt føre Herman og Svein og Ivar-Ole Herman på tredjeplass. Komande tysdag er det fjerde og siste kveld med trekt makker, samstundes som det vert avholdt årsmøte. Sogndallsiger på første samspelkveld i 2020
30.01.2020
Tor Henning-Gullstein med komfortabel siger føre Mariusz-Jonny og Magnar-Geir Arne på ein flott tredjeplass. Dei to neste tysdagane trekker me makker.
Sogndølene dominerte samspelkvelden
19.12.2019
Jonny og Mariusz vann samspelkvelden knapt føre Jermund og Arvid med Gullstein og Tor Henning på tredjeplassen. Turneringa var òg ei sokalla handicap-turnering og her var Jermund- Arvid suverene før Svein-Torbjørn og Sverre-Ernst. Sluttresultata finn du ved å trykke SCRATCH for vanleg turnering og HCP for handicap øvst på sida. Elles som vanleg, ei hyggeleg juleavslutning med god mat og premie til alle. Ha ei riktig god jul.
Tapte mot Breim i 3. runde NM
16.12.2019
Etter ei knapp hafsloleiing halvveges, kom Breim sterkt tilbake og vann med ca to utgangar.
Sverre og Hans Herman vann siste klubbkveld.
16.12.2019
4 bord på startstreken og solid siger til Sverre i kompaniskap med Hans Herman. Ole Herman-Ketil og Nils Sverre-Torstein på plassane bak.
|